Usjas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Morgonrauden over Ganga.
Foto: John Hill

Usjas (sanskrit उषः, úṣas-, 'morgongry') er ei hovudgudinne innan vedisk gudetru, og har talrike lovprisingar tileigna seg i Rigvedaen. Ho er gudinna for morgonen og soloppgangen, og er forbunden med rikdom og lukke. Usjas blir framstilt som ei vakker ung kvinne, men har òg samband med alderdom og det forgjengelege.

Usjas er dotter av Dyaus, søster til nattgudinna Nirrti, og gift med solguden Surya. I hymnene hennar set ein henner òg i samband med andre solgudar. som Varuna, Indra, Agni og asjvinane.

Ein kan finna tilsvarande guddommar med liknande namn i andre indoeuropeiske mytologiar, som greske Eos, romerske Aurora og litauiske Auszrà.