Tsjandra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Chandra» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Chandra (fleirtyding).
Tsjandra i månevogna trekt av ein antilope. Akvarell frå 1800-tale.

Tsjandra, også stava Chandra, er guden for månen i hinduismen. Ordet tsjandra betyr ganske enkelt 'måne' på sanskrit. Guden er lysande kvit og reiser over himmelen kvar natt i vogna si, som blir trekt av ti kvite hestar eller ein antilope. Han blir også kalla Soma.

«Chandra graha» med ti kvite hestar avbilda i The complete Hindoo Pantheon frå 1842.

Som månegud og den ein meinte la ut dogg var Tsjandra sett på som ein grødegud, og par som ønskte seg ungar, kunne be til han.

Tsjandra er far til Budha (planeten Merkur) og gift med daksjadøtrene Anuradha og Bharani.

Som namn[endre | endre wikiteksten]

Gudenamnet blir brukt som personnamn for både kvinner og menn. Det kan også stavast Chander, som er hindiversjonen av Chandra. Det er vanlegast å bruka i namnesamansetjingar, som Harishchandra, Ramachandra eller Chandrasekhar. Nokre namneberarar er:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tsjandra