Vak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vak (sanskrit vāc-, 'stemme', 'tale', 'språk') er ei vedisk gudinne knytt til tale, ofring og skaping.

I tidlege Rigveda-hymne (bok 2 til 7) viser vāc- til stemmen, særleg prestestemmen under ofring. Først i bok 8 og 10 blir Vak personifisert.

I Vedaene blir gudinna skildra som framstilt og gift med skaparguden Pradjapati. I seinare tekstar blir ho kalla mor til Vedaene og gift med Indra. Vak blir identifiser med dei nyare gudane Bharati og Sarasvati.