Svaledryade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svaledryade
Svaledryadehann
Svaledryadehann
Svaledryadehoe
Svaledryadehoe
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Svaledryade
Utbreiinga av Svaledryade
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Trochilini
Slekt: Fugleslekta dryader Thalurania
Art: Svaledryade T. watertonii
Vitskapleg namn
Thalurania watertonii

Svaledryade (Thalurania watertonii) er ein kolibriart. Som andre dryader er han ein del av stammen Trochilini, «smaragdar», innanfor underfamilien Trochilinae.

Svaledryaden lever i fuktig skog i det nordaustlege Brasil, der arten er kjent frå delstatane Pernambuco, Alagoas, Sergipe og moglegvis i det nordlegaste Bahia. Arten blir trudd å finnast berre innanfor atlanterhavsskogen. Bestanden er berekna til å vere rundt 1 000–2 500 individ, for tida i tilbakegang på grunn av avskoging og tap av habitat. Verdas naturvernunion, IUCN, har klassifisert arten som sterkt truga.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Svaledryaden er kjønnsdimorf. Hannane har lengre venger og halar, kroppslengde er omtrent 11,8–13 centimeter lange, inkludert ein hale på 6 cm; medan hoene måler omtrent 10–11 cm i lengd, med ein hale på 3,6 cm. Kroppsvekta ligg på 3,7–5,2 gram for begge kjønn.[2]

Hannane har ei iaugefallande iriserande fjørdrakt i blått, grønt og lilla. Krona og strupen er bronsegrøn, ryggen er iriserande fiolettblå, skinnande grasgrøn underside og fiolettblå kroppssider; den lange, djupt gaffelforma halen er blå. Fjørdrakta til hoa er mykje mindre fargerik, noko som lèt dei halde fram med å vere umerkelege medan dei byggjer reir og tar omsut for ungane. Hoene har gyllengrøn krone og nakke, elles grøn overside med blått mot halen, ho har einsfarga gråhvit underside, kortare hale, med kvite tuppar, eit blått subterminalt tverrband og blågrøne sentrale halefjører. Juvenile liknar på vaksne hoer.[2]

Svaledryadar lever i kystnære låglandshabitat som kystregnskog, cerrado, plantasjar og parkar i heile det atlantiske skogområdet sitt, frå havnivå til 550 moh. Den søkjer føde i låg til middels høgd, vanlegvis i periferien av vegetasjonen.[2] Svaledryaden lever av nektaren frå blomstrande vinstokkar, kaktusar, epifyttar, tre og buskar, av og til fangar han virvellause dyr i lufta. Hannen etablerer territorium som han forsvarar aggressivt mot inntrengjarar av same art eller andre kolibriartar.[1]

Hekking går føre seg mellom november og februar. Dryaden byggjer eit koppforma reir laga av fine rotfibrar og mose, tett bunde saman av edderkoppnett. Reiret er festa til ei horisontal grein i ein busk eller eit lite tre, vanlegvis verna av overhengande blad, 1,5–2,5 meter over bakken. Hoa legg typisk to egg, etter det rugar ho i 14–15 dagar.[2]

Thalurania watertonii er oppført som sterkt trua (EN) i IUCNs raudliste, på grunn av den pågåande reduksjonen av populasjon, hovudsakleg på grunn av det omfattande og vedvarande tapet av habitat og utarminga av låglandsskogar i det nordaustlege Brasil.[1] Utbreiingsarealet er for tida mindre enn 500 km². Bestanden er sterkt fragmentert, med den totale populasjonen anslått til å vere mindre enn 2500 individ, og kvar underpopulasjon inneheld mindre enn 250 av dei.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 BirdLife International (2017). «Thalurania watertonii». IUCN Red List of Threatened Species 2017: e.T22687402A119410693. doi:10.2305/IUCN.UK.2017-3.RLTS.T22687402A119410693.en. Henta 3. september 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Schuchmann, K.L., G. M. Kirwan, and C. J. Sharpe (2020). Long-tailed Woodnymph (Thalurania watertonii), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.lotwoo2.01
  3. BirdLife International (2023) Species factsheet: Thalurania watertonii. Henta 3. september 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Svaledryade