Svarttopp
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Svarttopp | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Lamiales | |
| Familie: | Orobanchaceae | |
| Slekt: | Bartsia | |
| Art: | B. alpina | |
| Vitskapleg namn | ||
| Bartsia alpina | ||
Svarttopp er ei urt i snylterotfamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Arten vart tidlegare rekna til maskeblomsterfamilien.
Svarttopp er ein fleirårig mørkfarga 2 dm høg fjellplante med håra stengel som nedst har tjukke skjelblad. Oppover stengelen er blada motsette og mørkgrøne eller fiolette. Planta har einskilde svartfiolette blomstrar som er 2 cm lange. Eggforma kapsel, 1 cm lang. Blømer kring juni i fuktige enger til fjells. Svarttopp finst i Noreg frå Jæren til Finnmark. Han er funnen opp til 1960 m i Jotunheimen.
Kjelder [endre]
- Svensk wikipedia.
- Johannes Lid, Norsk-svensk-finsk flora, Det Norske Samlaget, 1985.