Sverre Løberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Løberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. april 1905
Skien kommune
Død

30. juli 1976 (71 år)
Skien kommune

Yrke politikar, typograf
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Sverre Offenberg Løberg (4. april 190530. juli 1976) var ein norsk typograf, motstandsmann og politikar, fødd og død i Skien. Han var stortingsrepresentant frå Telemark og Arbeidarpartiet i tida 1945 til 1969.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Løberg var son til ein stuert. Han utdanna seg til typograf og arbeidde fram til 1940 i Høgre-avisa Fylkesavisen i heimbyen. Etter den tyske invasjonen av Noreg var han allereie i april 1940 med og starta motstandsarbeidet i Skien, saman med mellom andre venen, Høgre-mannen Didrik Cappelen. Hausten 1940 vart Løberg snikmeld, arrestert og dømt til tukthus. Fram til våren 1945 sat han i om kring tretti ulike tyske fengsel og konsentrasjonsleirar, mellom dei Sachsenhausen. Kort tid etter at han vart sett fri, reiste han tilbake til Tyskland for å delta i arbeidet med å finne norske fangar.

Hausten 1945 vart Løberg vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder. På Stortinget tok han mange standpunkt som plasserte han på venstrefløya i Arbeidarpartiet, mellom anna som motstandar av norsk NATO-medlemskap og seinare tysk medlemskap i same. Løberg vart attvald til Tinget fem gongar, frå 1954 representerte han Telemark fylke. I alle år på Stortinget var han medlem av Sosialkomiteen, og mottok stadig brev frå folk om søkte hjelp i ei eller anna sak. I sin tid som stortingsmann gjorde han også teneste som innpiskar for stortingsgruppa i Arbeidarpartiet.

Løberg markerte seg som ein frittalande og slagferdig politikar, uredd i debattane. Etter Hans S. Jacobsen i 1966 fekk oversett Ralph Hewins sin biografi om Vidkun Quisling; «Quisling — Prophet without Honour», kalla han Jacobsen for ein historieforfalskar. Jacobsen stemna Løberg for injuriar, men fekk ikkje medhald korkje i Oslo byrett i 1969 eller i Høgsterett.

I 1970 vart Løberg utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Ei byste av Løberg er reist sentralt i Skien. Han gav ut boka Det jeg husker best i 1966.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]