Sachsenhausen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sachsenhausen (fleirtyding).

Sachsenhausen var ein tysk konsentrasjonsleir hovudsakleg for politiske fangar som var i drift frå 1936 til 1945. Leiren vart teken over av Sovjetunionen i 1945, og i august same år vart Speziallager Nr. 7 flytt til anlegga der. Leiren vart endeleg nedlagt i 1950.

Sachsenhausen ligg i Oranienburg, kring 35 km nord for Berlin. Han erstatta ein tidlegare leir for politiske fangar som vart oppretta etter at nazistane kom til makta i Tyskland i 1933. Leiren hadde ei spesiell stilling blant tyske konsentrasjonsleirar sidan hovudkvarteret og utdanninga av SS-vakter låg i nærheita av leiren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå leiren vart oppretta i 1936 til slutten på krigen i 1945 sat kring 200 000 registrerte fangar fengsla her. Leiren var planlagt med ein kapasitet på 12 000 fangar, men enkelte år var belegget gjennomsnittleg kring 60 000. Ein trur at kring 100 000 døydde på grunn av sjukdom, underernæring, vald frå vaktarane, grufulle medisinske eksperiment og lungebetennelse på grunn av kulden. Mange vart dessutan avretta, blant anna Martin Niemöller. Fangar som vart sende direkte til avretting vart ikkje registrerte i leiren, så det totale dødstalet er ukjent.

Dei fyrste fangane som vart sende til Sachsenhausen frå 1936 var tyske politiske fangar. Frå sommaren 1938 vart talet på fangar større med såkalla «asosiale», det vil seie sigøynarar, homoseksuelle, Jehovas vitne, tidlegare straffa og andre som av naziregimet vart definerte som uynskte ut frå kva etnisk eller sosial folkegruppe dei høyrde til. Etter Anschluss same år byrja tilstrøyminga av utanlandske politiske fangar, i denne omgangen frå Austerrike. Etter utbrotet av andre verdskrigen i 1939 følgde ein straum av politiske fangar frå tyskokkuperte land.

Dei 6000 fyrste jødane kom til Sachsenhausen etter ei arrestasjonsbølgje i november 1938. Dei fleste attlevande jødiske fangane vart transporterte til Auschwitz i 1941.

Frå 1941 vart Sachsenhausen utvida med avsondra spesialleirar for krigsfangar, i fyrste rekkje sovjetiske.

Avrettingar og medisinske eksperiment[endre | endre wikiteksten]

Sachsenhausen var ikkje ein utryddingsleir, men ein interneringsleir. Likevel vart det også gjort organiserte massedrap på fangegrupper i denne leiren. I 1941 fekk leiren eit eige «nakkeskotanlegg» med portable krematorieomnar som vart brukte til å drepe 14 500 sovjetiske krigsfangar. Hitler hadde gjeve ordre om at 18 000 krigsfangar skulle døy - resten av kvoten vart fylt ved at fangar svolt i hel eller døydde av sjukdom. I 1942 vart det bygd eit eige «avrettingssenter», Station Z, med kapasitet for utrydding av menneske i industrielt tempo. I 1943 fekk denne avdelinga også sitt eige gasskammer. Station Z vart også brukt som reserverettarstad for Berlin, særleg i samband med masseavrettingar.

Gjennom heile krigen vart det utført medisinske eksperiment i Sachsenhausen, der fangar mellom anna vart utsette for sennepsgass eller med overlegg påført dødelege sjukdommar.

Porten til Sachsenhausen

På porten inn til Sachsenhausen står det skrive det seinare kjende sitatet Arbeit macht frei (arbeid frigjer).

Norske fangar i Sachsenhausen[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste norske fangane sat fanga i Sachsenhausen. 3 240 nordmenn kom til Sachsenhausen, men mange av dei vart sende vidare til andre konsentrasjonsleirar. 2 000 nordmenn sat her i lengre tid, mellom anna dei overlevande frå Telavåg og Kvarstad-båtane. Til saman døydde om lag 200 nordmenn i Sachsenhausen.

Frå sommaren 1943 fekk dei norske fangane, etter påtrykk frå den internasjonale Raudekrossen, som i samarbeid med nordmenn i Tyskland hadde klart å lokalisere dei, lov til å motta matpakkar frå Raudekrossen. Dei kom dermed i ein betre situasjon enn mange av medfangane.

Krigsslutt og fridom[endre | endre wikiteksten]

Før slutten på krigen vart 33 000 fangar tvinga til å marsjere vestover saman med vaktene. Formålet var å eliminere mange av fangane ved å drive dei til Austersjøkysten, og deretter laste dei om bord i skip som skulle senkast. Tusentals fangar som kollapsa vart skotne av SS-vaktene. Dei som overlevde så lenge, vart fridde av sovjetiske, amerikanske og engelske styrkar i byrjinga av mai. Om lag 3 000 mannlege og 2 000 kvinnelege fangar vart etterlétne i leiren som sjuke og døyande.

22. april 1945 vart leiren frigjort av ein fortropp frå 47. sovjetiske armé og 1. polske armé.

Etter krigen vart Sachsenhausen-leiren liggjande i den sovjetiske okkupasjonssona. Bygningane vart bruka fram til 1950 under namnet Speziallager Nr. 7 - Sachsenhausen og (frå 1948) Speziallager Nr. 1. Leirområdet vart endeleg nedlagt i 1950.

Sachsenhausen i dag[endre | endre wikiteksten]

I dag er Sachsenhausen open for ålmenta og teke vare på som eit museum. Fleire bygningar og konstruksjonar har overlevd, eller er vorte rekonstruerte. Mellom desse er inngangspartiet, vakttårn, kremasjonsomnar og brakker. Det finst også ein stor obelisk og statue som vart reist av sovjetarane etter krigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kristian Ottosen: Liv og død: Historien om Sachsenhausen-fangene, Aschehoug 1990.
  • Moritz Nachtstern: Falskmynter i Sachsenhausen, Spartacus 2006.
  • Bengt Calmeyer: Skomakeren fra Sachsenhausen, Dreyer, 1990
  • Günter Morsch: Von der Erinnerung zum Monument. Die Entstehungsgeschichte der nationalen Mahn- und Gedenkstätte Sachsenhausen. Edition Hentrich, Berlin 2001.
  • Günter Morsch, Alfred Reckendrees: Befreiung des KZ Sachsenhausen 1945. Edition Hentrich, Berlin. 1996,
  • Günter Morsch: Mord und Massenmord im Konzentrationslager Sachsenhausen. Metropol, 2005.
  • Günter Morsch / Susanne zur Nieden: Jüdische Häftlinge im Konzentrationslager Sachsenhausen 1936 bis 1945. Edition Hentrich, Berlin 2004.
  • Bundeszentrale für politische Bildung: Gedenkstätten für die Opfer des Nationalsozialismus: Eine Dokumentation. Berlin 1999.
  • Sepp Hahn, Helle Carola Gaertner-Scholle: Außenstelle Heinkelwerk. Verlag Neues Leben, Berlin 1963.
  • Stephan Jegielka: Das KZ-Außenlager Genshagen. Struktur und Wahrnehmung der Zwangsarbeit in einem Rüstungsbetrieb 1944/45. Tectum, Struktur, Marburg 2005. (Studie av en av Sachsenhausens uteleire)
  • Gegen das Vergessen: Häftlingsalltag im KZ-Sachsenhausen 1936-1945. CD-ROM, Oranienburg/München 2002/2003.
  • Günter Morsch, Ines Reich: Sowjetisches Speziallager Nr. 7/Nr.1 in Sachsenhausen (1945-1950). Katalog der Ausstellung in der Gedenkstätte und Museum Sachsenhausen, Berlin 2005.
  • Jan von Flocken, Michael Klonovsky: Stalins Lager in Deutschland 1945-1950: Dokumentation Zeugenberichte. Ullstein, Berlin 1991.
  • Adolf Burger: Des Teufels Werkstatt: Die Geldfälscherwerkstatt im KZ Sachsenhausen. Hentrich & Hentrich, 2004.
  • Gerhard Finn: Die politischen Häftlinge in der Sowjetzone. Berlin 1958
  • Gerhard Finn: Sachsenhausen 1936-1950: Geschichte eines Lagers. Westkreuz-Verlag, Berlin/Bonn 1988.
  • Wolfgang Benz & Barbara Distel (Hg): Der Ort des Terrors. Sachsenhausen, Buchenwald (bind 3) München: Beck, 2006
  • Hermann Kaienburg: Der Militär- und Wirtschaftskomplex der SS im KZ-Standort Sachsenhausen-Oranienburg. Metropol Verlag, Schriftenreihe der Stiftung Brandenburgische Gedenkstätten, Bd. 16, Berlin 2006.

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]