Symfoni nr. 25 av Haydn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Symfoni nr. 25
H. I/25
Symfoni av Joseph Haydn
Sjanger Symfoni
Periode Klassisismen
Komponert 1761-1763
Typisk lengd 13:14
Satsar 3

Symfoni nr. 25 i C-dur, Hoboken I/25, er ein symfoni av Joseph Haydn. Symfonien vart truleg komponert i 1763, men kan ha vorte komponert så tidleg som 1761, om lag samstundes med nr. 33.[1][2]

Han er instrumentert for 2 oboar, fagott, 2 valthorn, strykarar og continuo,[3] og i motsetnad til dei fleste symfoniane i C-dur av Haydn manglar han trompetar og paukar.[4] Verket er i tre satsar:

  1. Adagio, 4/4 - Allegro molto, 2/4
  2. Menuett und Trio, 3/4
  3. Presto, 2/4

Dette verket manglar ein langsam sats, noko som er sjeldant hos Haydn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Antony Hodgson, The Music of Joseph Haydn: The Symphonies. London: The Tantivy Press (1976): 202.
  2. H. C. Robbins Landon, The Symphonies of Joseph Haydn. London: Universal Edition & Rockliff (1955): 653.
  3. (Landon, 1955): 653. "2 ob., 2 cor., str. [ fag., cemb. ]."
  4. (Hodgson, 1976): 63.