Joseph Haydn sine symfoniar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Joseph Haydn skreiv i perioden 1755-1795 ein av historia sine største symfoniske korpus, og 108 symfoniar har overleve fram til vår tid (den einaste nemneverdige historiske komponist som har skrive fleire er den samtidige Carl Ditters von Dittersdorf, som ein trygt kan tileigna om lag 120 symfoniar). Han er gjerne rekna som symfonien sin far, og i dag er om lag 20 av Haydn sine symfoniar ein vanleg del av det symfoniske repertoaret.

Haydn og symfonien[endre | endre wikiteksten]

Haydn er ofte rekna som symfonien sin far. Dette er ein klar overdriving; symfonien var allereie ein levande genre då Haydn mognast som komponist. Opphavet til symfonien var i den italienske overtyren, og komponistar som Wagenseil, Holzbauer, Stamitz, Richter, og Monn skreiv alle symfoniar før Haydn (med «symfoniar» reknast berre verk som ein i dag kan rettferdiggjera å kalla symfoniar. Ordet symfoni har hatt fleire meiningar opp gjennom hundreåra, til dømes kalla J.S. Bach sine trestemte invensjonar for «sinfonia»). Haydn er derimot rekna for å ha klart å oppfylle potensialet til genren i større grad enn dei tidlegare komponistane: Det er nett i Haydn si tid at standardbesetninga i symfoniorkesteret kom på plass, men Haydn hadde og fleire nyskapingar innanfor symfoniforma. Den mest openbare er at symfonien fekk ein ekstra sats i forhald til den tredelte italienske overtyren (rask-sein-rask), som tilegare hadde vore nytta som mal. Haydn la til ein tredjesats, som vanlegvis tek form av ein menuett, og laga på denne måten standarden for formoppbygginga av symfonien, heilt fram til våre dagar.

Likevel er kanskje måten Haydn behandla idear på, og måten dette påverka sonatesatsformen. Medan komponistar på same tid hadde for vane å introdusere nytt materiale i gjennomføringsdelen av ein sonatesats, let Haydn denne delen berre bestå av gjenkjennbare bitar av tema frå eksposisjonen, som blei forandra på og nytta i forskjellige situasjonar. Dette var ein essensiell del av sonatesatsformen som skulle dominere mykje av den klassisistiske og romantiske musikken, og sjølv om Haydn sjølv ofte braut med den strenge sonatesatsformen, var dette ein kalkulert effekt han nytta for å overraske publikum. (Sjå artikkel om sonatesatsform for meir detaljert informasjon)

Haydn i det symfoniske repertoaret[endre | endre wikiteksten]

Haydn sine tidlege symfoniar fekk mykje merksemd i samtida, men med nokre få unntak (til dømes symfoni 44 og 45 er det dei siste 22, der Paris- og London-symfoniane er inkludert, som har verte hugsa i ettertida. Dette kjem av to grunnar: Haydn skreiv mange av symfoniane sine i "stilvakuumet" mellom den musikalske barokken (ca. 1600-1750) og den wienerklassiske perioden (ca. 1775-1815), og den vanlege oppfatninga er at dei siste symfoniane er dei beste. Ein annan grunn kan vera at dei tidlege symfoniane var eigedommen til Eszterhaz-familien, adelshuset Haydn jobba for. Det er berre mot slutten av den "symfoniske perioden" i livet sitt at Haydn fekk forhandla til seg rettane på eigen musikk; Medan dei tidlegare symfoniane hadde vore laga spreidde piratutgåver av kunne Haydn fritt selja dei seine symfoniane sine på den europeiske marknaden, og desse var difor godt tilgjengelege på byrjinga av 1800-talet, då det klassiske standardrepertoaret byrja ta form. Etter at Howard Chandler Robbins Landon gav ut ein ny utgåve av alle symfoniane i 1963 har ein på ny byrja å interessera seg meir for dei tidlege symfoniane, og dei er no vanlegare på konsertplanar enn nokon gong tidlegare.

Symfonisk oversikt[endre | endre wikiteksten]

Symfoniane er her ordna etter rekkjefylgja i Hoboken-Verzeichnis. Nummer, kallenamn og anteke produksjonsår er og teke med, då desse faktorane ikkje alltid stemmer over eins.

I Hoboken-katalogen finn ein og fire andre verk kategorisert som symfoniar (Hob. I):

  • Hob. I/105 i B, betre kjend som Sifonia Concertante for fiolinar, cello, obo and fagott (1792)
  • Hob. I/106, ein symfoni der berre ein sats har overleve (1769?)
  • Hob. I/107 i B, vanlegvis kalla Symfoni A (før 1762)
  • Hob. I/108 i B, vanlegvis kalla Symfoni B (før 1765)

Nummereringa på symfoniane stammar frå eit forsøk på å organisere Haydn sin katalog i 1908 av Eusebius Mandyczewski. Symfoniane A og B var ikkje kjend på denne tida, og har difor fått indentifikasjonsbokstavar i staden for tal.

I tillegg til dei autentiske verka la Hoboken til verk som har vore tileigna Haydn, men som han rekna som tvilsame, tolkingar ettertida i stor grad har gjeve han rett i. Når det gjeld symfonien har ein identifisert heile 148 verk som har vore marknadsført under Haydn sitt namn. Bokstaven som blir lagt til i Hoboken-formelen kjem frå verket sin toneart (legg merke til at liten bokstav betyr at verket er i moll):

Nummer Kommentar
I:C1 Av Wenzel Pichl
I:C2 Av Leopold Hoffmann
I:C3 Av Leopold Kozeluch
I:C4
I:C5 Òg tileigna Michael Haydn i enkelte kjelder
I:C6 Av Carl Ditters van Dittersdorf
I:C7 Av Franz Anton Hoffmeister
I:C8 Av Johann Baptist Wanhal
I:C9 Òg tileigna Ignaz Holzbauer, Carl Phillip Emanuel Bach og Leopold Hoffmann i ulike kjelder
I:C10
I:C11
I:C12
I:C13 Kanskje av Carl von Ordonez
I:C14 Òg tileigna Johann Franz Xaver Sterkel og Johann Baptist Wanhal i ulike kjelder
I:C15
I:C16
I:C17
I:C18 Rekna som tvilsam, men ikkje forkasta
I:C19
I:C20
I:C21 Av Leopold Hoffmann
I:C22
I:C23
I:C24 Av Carl Ditters von Dittersdorf
I:C25
I:C26
I:C27
I:C28 Av Carl Ditters von Dittersdorf
I:C29
I:C30
I:C31 Sannsynlegvis av Michael Haydn
I:C32 Av Ignaz Holzbauer
I:C33 Av Ignaz Pleyel
I:C34 Av Leopold Hofmann
I:c1 òg tileigna, og sannsynlevis av, Gottfried van Swieten
I:c2 Av Johann Baptist Wanhal
I:c3
I:c4
I:D1 Òg tileigna Michael Haydn
I:D2 Av Johann Baptist Wanhal
I:D3 Av Michael Haydn
I:D4
I:D5 Av Carl Friedrich Abel
I:D6
I:D7 Òg tileigna Josef Martin Kraus
I:D8
I:D9
I:D10
I:D11
I:D12
I:D13
I:D14
I:D15
I:D16
I:D17
I:D18
I:D19
I:D20
I:D21
I:D22
I:D23 Nemnast i andre kjelder å vere skriven av ein anonym komponist
I:D24
I:D25
I:D26 Av Michael Haydn
I:D27 Av Leopold Hoffmann
I:D28 Av Wenzel Pichl
I:D29
I:D30
I:D31 Av Michael Haydn
I:D32 Òg tileigna ein anonym komponist og André Grétry
I:D33 Av Wenzel Pichl
I:d1
I:d2
I:d3
I:d4 Av Michael Haydn
I:Es1
I:Es2 Sannsynlegvis av Gottfried van Swieten
I:Es3 Av Johann Baptist Wanhal
I:Es4 Av Michael Haydn
I:Es5
I:Es6 Av Franz Asplmeyer
I:Es7
I:Es8
I:Es9 Av Guetano Pugnani
I:Es10
I:Es11
I:Es12
I:Es13 Sannsynlegvis av Anton Fils, men òg tileigna Johann Christian Bach og Wenzel Pichl
I:Es14 Johann Christian Bach
I:Es15
I:Es16 Av Wenzel Pichl
I:Es17 Òg tileigna Michael Haydn
I:E1 Av Michael Haydn
I:E2
I:E3 Av Michael Haydn
I:e1 Av Carl Ditters von Dittersdorf
I:F1 Av Franz Xaver Dussek
I:F2 Av Leopold Hoffmann
I:F3 Av Christoph Sonnleithner
I:F4 Òg tileigna Gottfried van Swieten
I:F5
I:F6
I:F7 Av Ignaz Holzbauer
I:F8
I:F9 Òg tileigna Michael Haydn og Carl Ditters von Dittersdorf
I:F10 Av Ignaz Pleyel
I:F11
I:F12
I:F13
I:F14 Av Ignaz Playel
I:F15 Av Michael Haydn
I:G1 Av Wenzel Pichl
I:G2 Av Michael Haydn
I:G3 Sannsynlegvis skriven av Adalbert Gyrowetz
I:G4
I:G5 Av Carl Ditters von Dittersdorf
I:G6
I:G7 Sannsynlegvis av Franz Anton Hoffmeister
I:G8 Av Michael Haydn
I:G9 Av Johann Baptist Wanhal
I:g1 Av Carl Ditters von Dittersdoft
I:A1 Av Johann Baptist Wanhal
I:A2 Av Anton Filtz
I:A3 Av Michael Haydn
I:A4 Av Leopold Hoffmann
I:A5
I:A6 Av Carl von Ordonez
I:A7 Av Johann Baptist Wanhal
I:A8 Av Carl Ditters von Dittersdorf
I:A9 Av Michael Haydn
I:B1 Av Michael Haydn
I:B2 Tre satsar: 1. og 2. sats er skriven av Michael Haydn, 3. sats er finalen i I:59
I:B3 Av Michael Haydn
I:B4 Av Carl Ditters von Dittersdorf
I:B5 Av Joseph Schmidt
I:B6 Av Joseph Schuster
I:B7 Av Florian Gassmann
I:B8
I:B9 Av Pierre van Maldere
I:B10 Av Carl Ditters von Dittersdorf
I:B11 Av Johann Baptist Wanhal
I:B12 Av Pierre van Maldere
I:B13 Av Johann Baptist Wanhal
I:B14 Sannsynlegvis av Adalbert Gyrowetz
I:B15 Òg tileigna Michael Haydn og Ignaz Playel
I:B16
I:B17
I:B18 Av Pierre van Maldere