Symfoni nr. 8 av Haydn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Symfoni nr. 8 i G-dur
H. 1/8
Symfoni av Joseph Haydn
Sjanger Symfoni
Periode Klassisismen, barokken
Komponert 1761
Typisk lengd 21:44
Satsar 4

Symfoni nr. 8 i G-dur av Joseph Haydn vart komponert medan han var tilsett hos prins Esterházy i 1761, i overgangen mellom barokken og wienerklassisismen. Det er den tredje av tre symfoniar, som vert rekna som ein trilogi, Le matin (No 6.), Le midi (No 7) og Le soir (No. 8).

Instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Instrumenteringar som er nytta i Symfoni nr. 8 er særs lik concerto grosso-stilen frå barokken, der ei lita gruppe soloinstrument vart sett opp mot eit større ensemble. I Symfoni nr. 8 består dei mindre gruppene av solofiolonsell og to solofiolinar og det store ensemblet består av to oboar, ei fløyte, to horn, strykarar, fagott og cembalo. Måten Haydn nyttar fagott og cembalo på liknar basso continuoen som vart nytta særs mykje gjennom barokken, men er ikkje like konstant drivande.

Satsar[endre | endre wikiteksten]

Denne symfonien har dei fire satsane som er vanlege for ein klassisk symfoni (i G-dur bortsett frå der anna er nemnd):

  1. Allegro molto, 3/8
  2. Andante i C-dur, 2/4
  3. Menuetto & Trio, 3/4
  4. La tempesta: Presto, 6/8

Den første satsen er ein gige i sonateform og siterer ein melodi frå ein song i operaen Le diable à quatre av Gluck kalla «Je n’aimais pas le tabac beaucoup» (Eg likte ikkje tobakk så godt).[1] [2]. Den siste satsen, som òg er i sonateform, vert kalla La tempesta, og skulle framkalle kjensla av eit torevêr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Clark, Caryl, Review of New Directions for Haydn Research: Internationaler Joseph Haydn Kongress, Wien, 1982 (edited by Eva Badura-Skoda) (Spring 1988). The Journal of Musicology, 6 (2): s. 245-257.
  2. Churgin, Bathia, "Music Reviews: Seks Symphonies a più strumenti, opus 4 (Pierre van Maldere; edited by Craig Lister) og Sinfonien 1761 bis 1763 (Joseph Haydn; edited by Jürgen Braun og Sonja Gerlach)" (June 1993). Notes (2nd Ser.), 49 (4): s. 1630-1632.