Taganrogbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kysten av bukta (Belosarajskajaneset).

Taganrogbukta (russisk Таганрогский залив - Taganrogskij zaliv) er den største bukta nordaust i Azovhavet i Ukraina og Russland. Ho har ei lengd på 140 km og er 31 km brei ved munningen. I snitt er ho om lag 5 meter djup.

Bukta er skild frå havet av Dolgajaneset og Belosarajneset. Langs kysten av bukta er det mange sandbankar som dannar mange små grunne viker. Her ligg Pestsjanyje ostrova (Sandøyane). Elva Don, Kalmius, Mius og Jeja munnar alle ut i Taganrogbukta. Dei største hamnebyane er Taganrog, Mariupol (Ukraina) og Jejsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°59′9″N 38°26′58″E