Takanori Kōno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kōno på eit aserbajdsjansk frimerke frå 1995

Takanori Kōno (japansk: 河野 孝典) (fødd 7. mars 1969) er ein japansk tidlegare kombinertrennar som åra 1992-95 vann to OL-gull og to VM-gull med Japans lag i lagtevlingane under dei store meisterskapane i perioden.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Saman med Reiichi Mikata og ankermannen Kenji Ogiwara vann Kōno ein gullmedalje i lagtevlinga i kombinert under vinter-OL 1992 i Albertville. På byrjinga av den neste sesongen fekk han sitt internasjonale gjennombrot då han vart nummer to i eit verdscuprenn i Vuokatti i Finland. Under ski-VM 1993 i Falun kom han på femteplass i den individuelle øvinga, og vart verdsmeister i lagtevlinga saman med Masashi Abe og førnemnde Kenji Ogiwara. På tampen av sesongen vann han kombinerttevlinga i Holmenkollen, som aller fyrste asiat, noko som vart hans einaste siger i eit verdscuprenn. Samanlagt vart Kōno nummer tre i verdscupen i kombinert 1993.

Kōno slo Bjarte Engen Vik i kampen om sølvmedaljen i kombinert under vinterleikaneLillehammer i 1994, der Fred Børre Lundberg vann ein suveren siger. Saman med Abe og Ogiwara syrgde Kōno så for at Japan forsvarte OL-gullet i lagtevlinga. Han kom i 1994 på andreplass i verdscupen i kombinert, einast landsmannen Ogiwara sanka fleire poeng. I sin siste sesong tok Kōno sitt andre VM-gull då Japan i Thunder Bay i 1995 forsvarte VM-tittelen i lagtevlinga frå to år i førevegen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar