Fred Børre Lundberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fred Børre Lundberg (fødd 25. desember 1969) i Hammerfest og oppvaksen i Bardu er ein norsk, tidlegare kombinertrennar. Lundberg dominerte kombinertsporten i fyrste halvpart av 1990-åra. Han vart verdsmeister i 1991 og 1995 og vann olympisk gull på Lillehammer i 1994. Lundberg var dessutan med på å vinne tre gullmedaljar og fire sølvmedaljar for norske lag i verdsmeisterskapar og olympiske leikar i tida frå 1991 til 1999. Han vann verdscupen i nordisk kombinert i 1991, og var mellom dei tre beste i verda dei neste tre sesongane. Lundberg vann fem NM-gull, det siste i halvprogrammet, og fekk to bronsemedaljar i NM, den eine av desse i skihopping.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Lundberg vart i januar 1990 nummer to i eit verdscuprenn i kombinert i Murau, berre slått av Klaus Sulzenbacher frå Austerrike. Vel tre veker seinare noterte Lundberg seg for sin fyrste siger i verdscupen då han gjekk til topps i ei tevling ved Leningrad, framom landsmannen Knut Tore Apeland. Fram til sin siste siger i verdscupen, i januar 1996, vann Lundberg åtte nye verdscuprenn. Han oppnådde i alt 29 pallplasseringar i verdscupen, den siste i Falun i mars 1998. Han vann verdscupen i kombinert i 1991, kom på tredjeplass i 1992 og 1994, og på andreplass i 1993.

Lundberg vann sin fyrste VM-tittel i kombinert i Val di Fiemme i 1991. Året etter vart han nummer fire i den olympiske tevlinga i Albertville, der han vann seg eit OL-sølv i lagtevlinga saman med Knut Tore Apeland og Trond Einar Elden. Året etter vart det ein ny sølvmedalje på dei same tre karane i verdsmeisterskapen i Falun, begge gongane gjekk gullet til Japan. Lundberg vart ikkje utteken til den individuelle tevlinga i VM.

På Lillehammer i 1994 gjekk Lundberg i mål som olympisk meister i den individuelle øvinga, framom Takanori Kōno frå Japan og bronsemannen Bjarte Engen Vik. I Ski-VM 1995 i Thunder Bay sigra Lundberg i den individuelle øvinga og fekk sølv i lagtevlinga. I lagtevlinga var det no snakk om eit firemannslag, og dei tre kombinertrennarane som tidlegare hadde vunne sølvmedaljar i lag, hadde fått med seg fyrstetappeløparen Halldor Skard. To år seinare vart dei same fire; Skard, Vik, Apeland og Lundberg, verdsmeistrar for lag under ski-VM 1997 i Trondheim.

Året etter, i 1998, vart Lundberg og Noreg olympiske meistrar for lag, etter å ha vist Finland til sølvplassen. Lundberg gjekk sisteetappen, føre han gjekk Skard, Kenneth Braaten og Vik.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1990: Nr 4 på Gjøvik
  • 1991: Gullmedalje i Misvær
  • 1992: Nr 5 i Trondheim
  • 1993: Gullmedalje i kombinert og fjerdeplass i normalbakken i skihopping, begge på Lillehammer
  • 1994: Gullmedalje i kombinert og bronsemedalje i normalbakken i skihopping, begge i Vegårshei
  • 1995: Gullmedalje i kombinert i Oslo
  • 1996: Nr 5 i Stryn
  • 1997: Bronsemedalje i Mo i Rana
  • 1999: Nr 4 på Raufoss
  • 2000: Gullmedalje i kombinert (halvprogram) på Vang

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

# Dato Land Stad
1 10. februar 1990 Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen Leningrad
2 15. desember 1990 Flag of Norway.svg Noreg Trondheim
3 5. januar 1991 Flag of Germany.svg Tyskland Schonach
4 8. januar 1993 Flag of Germany.svg Tyskland Schonach
5 4. mars 1994 Flag of Finland.svg Finland Vuokatti
6 12. mars 1994 Flag of Japan.svg Japan Sapporo
7 10. desember 1994 Flag of Slovakia.svg Slovakia Štrbské Pleso
8 7. januar 1995 Flag of Germany.svg Tyskland Schonach
9 6. januar 1996 Flag of Germany.svg Tyskland Schonach

I 1998 vart Lundberg tildelt Holmenkollmedaljen, samstundes med Larisa Lazutina, Harri Kirvesniemi og Aleksej Prokurorov.

Lundberg la opp i 2000.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]