Talavera de la Reina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Talavera de la Reina
Flagget til Talavera de la Reina Byvåpenet til Talavera de la Reina
Flagget til Talavera de la Reina Byvåpenet til Talavera de la Reina


Plassering
Talavera de la Reina is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Castilla-La Mancha
Provins Toledo
Grunnlagd 500-talet fvt.
Borgarmeister José Francisco Rivas Cid
Geografi
Flatevidd
 - By

185,83 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

87 763
  472,3 /km²
Koordinatar 39°57′″N 4°50′″WKoordinatar: 39°57′″N 4°50′″W
Høgd over havet 373 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 45600
Telefon-retningsnummer 925
Nettstad: www.talavera.org

Talavera de la Reina er ein by og ein kommune vest i provinsen Toledo i den autonome regionen Castilla-La Mancha i Spania. Han er den nest største byen i Castilla-La Mancha og den største i provinsen med om lag 85 000 innbyggjarar.[1]. Han er dermed større enn Toledo, som er provinshovudstaden.

Byen ligg ved elva Tajo og to øyar i elva er ein del av sentrum i byen, Isla Grande (Store Øya) og Chamelo. Den andre øya har ein del av den opphavlege middelhavsskogen. Byen er omgjeve av to fkjellkjeder, Sierra de San Vicente i nord og Montes de Toledo i sør.

Byen er delt i to av Tajo. Den nordlege delen er større og meir folkerik. Fleire bruer knyt dei to delane saman. Ei av desse bruene vart bygd av romarane.

Byen har kontinentalklima med våte og kalde vintrar med tett morgontåke, medan sommaren er forholdsvis varm.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Murane i klosteret San Benito
Colegial-kyrkja i Talavera de la Reina
Apsisen på Salvador-kyrkja
Arkeologiske keltiske og romerske funn i Talavera

Talavera de la Reina vart grunnlagd av keltarar der elvane Alberche og Tajo renn saman. I perioden under Romarriket vart byen kalla Caesarobriga. I 182 fvt. erobra Quinto Fulvio Flaco byen og han vart ein del av den romerske provinsen Lusitania. I denne perioden var byen rik med kvegmarknader og handel. Kristendomen kom tidleg til byen og då Romarriket fall, erobra vestgotarane byen. Talavera var då kjend som Aküis eller Aibura. I 602 gav kong Liuva II ei gåve til byen, ein skulptur av Jomfru Maria, som frå då har vore eit symbol på dei kristne i Talavera de la Reina.

Muslimane erobra Talavera i 712. Dei bygde nye murar og ei borg her. Dei innførte òg fontener, vassmøller og nye produkt frå Afrika og Asia. Den frodige gjorde produserte mykje grønsaker, frukt og gras for dyr. Marknaden fekk ny styrke og folkesetnaden, som var ei blanding av kristne, muslimar og jødar, levde i harmoni i fleire hundreår. Medina Al Talavayra tok del i forskjellige krigar mellom kongdøma i Spania, og vart allierte med Córdoba og Badajoz. Talavera var hovudstaden i eit kortvarig kongedøme eller taifa. Etter at byen vart gjenerobra på 1000-talet av Alfonso VI av Castilla, vart han eit viktig handelssenter i Spania i mellomalderen.

På 1400- og 1500-talet vart Talavera kjend for keramikkarbeidet som vart produsert her. I dag finn ein keramikk frå Talavera i mange museum i verda, og i dei mest lukseriøse palassa over heile Europa.

Under den spanske sjølvstendekrigen mot Napoleon og Frankrike, fann slaget ved Talavera stad her den 27. og 28. juli 1809. Under kampane vart byen hardt råka. Ein samla engelsk-spansk arme dreiv franskmennene ut av byen.

Då republikanarane overtok i Spania i 1931, vart namnet på byen endra til Talavera del Tajo. 3. september 1936 erobra nasjonalistane Talavera og starta ein periode med terror mot kommunistane og sosialistane. Republikanarane hadde gjort det same tidlegare mot sine motstandarar i byen. Under resten av krigen vart Talavera de la Reina øydelagd av republkanske bombeåtak.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Talavera de la Reina

Kjelder[endre | endre wikiteksten]