Tangfluger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tangfluger


Coelopa frigida
Coelopa frigida er den vanlegaste tangflugearten i Noreg. Detaljar av hovudet (4a) og antennene (4b) øvst.

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Neoptera
Orden: Diptera
Underorden: Brachycera
Familie: Coelopidae
Vitskapleg namn
Coelopidae

Tangfluger (Coelopidae) er ein familie fluger som lever i fjæresona i tilknyting til rotnande tang. Gruppa er mellom dei mest artsfattige flugefamiliane, og omfattar berre om lag 40 artar på verdsbasis. Tre av desse er registrerte i Noreg.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Tangfluger er, i motsetnad til mange andre grupper fluger, relativt enkle å klassifisera til art. Familien omfattar middels store fluger med robuste kroppar som er noko flattrykte ovanifrå og mørke på farge. Vengjeparet er, hjå norske artar, gulbrunt på farge, men det finst òg artar som ikkje har vengjer i det heile teke. Hovudet er utstyrt med store augo, særs konkav form og tydelege antenner av den såkalla aristate typen. Det er òg tilgrodd med velutvikla, «skjegg-liknande» børster.

Sjølve kroppen til tangflugene er dekt med hår, både grove og fine. Beina er gulbrune og kraftige, særleg lårsegmentet på første beinpar.

Larvane er kvitaktige, avlange og smalnar mot framenden. Bortsett frå nokre få små taggar på buken mellom dei ulike kroppssegmenta har dei glatte overflatar. Spiraklane deira (det vil seie opningane til trakesystemet) er tilpassa slik at dei ikkje druknar sjølv om tangen dei lever i skulle bli dekt av vatn.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Tangflugene lever i beltet av oppskòla tang på strender. Larvane deira likar seg best i fuktig og rotnande tang, der dei et både av tangen og av anna organisk materiale som sopp og ymse detritus.

Dei vaksne insekta er særs raske, og flyg ofte i sverm. Det er registrert svermar på opp mot fleire hundre individ som stundom sit heilt stille i lag utan at ein veit kvifor. Når fare trugar dei gøymer dei seg i tanga. Ein kan finna tangfluger så godt som heile året - det er kjend funn frå januar sjølv frå Noreg.

Det er kjend at tangfluger reagerer positivt på somme kjemikaliar, til dømes xylen, kloroform og trichloretylen. Det hender stundom at dei kan dukka opp på stadar der desse stoffa vert brukt mykje.

Artar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Frå Noreg kjenner me tre artar ekte tangfluger, to i slekta Coelopa og ein i den nærskylde slekta Malacomyia. Coelopa-artane er lettast å kjenna att på «skjegget» nedst på hovudet - hjå Coelopa frigida er det langt grovare enn på C. pilipes.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]