Tannvaktlar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tannvaktlar


Sørkrattvaktel, Colinus cristatus leucopogon Illustrasjon av Marc Athanase Parfait Oeillet Des Murs, 1849, Public domain
Sørkrattvaktel, Colinus cristatus leucopogon
Illustrasjon av Marc Athanase Parfait Oeillet Des Murs, 1849, Public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Galliformes
Familie: Odontophoridae
Vitskapleg namn
Odontophoridae
Gould, 1844

Tannvaktlar er små fuglar i «den nye verda», berre fjernt i slekt med vaktlar i «den gamle verda», men kalla opp etter vaktlane grunna liknande utsjånad og levemåte. Dei amerikanske artene er plassert i sin eigen familie Odontophoridae, medan vaktlar i den gamle verda høyrer til i fasanfamilien, Phasianidae. Leveområdet for tannvaktlar spenner frå Canada i nord ned til sørlege Brasil, og ein art, kaliforniavaktel, er dessutan introdusert på New Zealand. Artane i familien har tilpassa seg ulike habitat og varmt klima, frå tropisk regnskog til ørkenar, jamvel om nokre artar er i stand til å overleve ved særs låge temperaturar. Det finst 33 artar i ti slekter.[1][2]

Svartbukvaktel, Callipepla gambelii
Foto: Dick Daniels

Tannvaktlar har generelt korte venger, nakke og hale, men fuglane i slekta Dendrortyx har lange halar. Nebba er korte, lett bua og tagga. Beina er korte og kraftige, og manglar sporar slik som mange hønsefuglar, Galliformes, i den gamle verda har. Sjølv om dei er i stand til korte og kraftfulle flygingar, vil tannvaktlar føretrekke å bruke beina, del vil springe frå farar eller skjule seg, og flyg opp eksplosjonsarta berre som ein siste utveg. Fjørdrakta varierer frå kjedeleg til spektakulær, og hos mange artar finn ein ornamentale emblem eller fjører på hovudet. Det viser moderat kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, der hannar har ljosare drakt enn hoer.

Tannvaktlar er skye, dagaktive fuglar som lever på bakken, sjølv skogvaktlar, Dendrortyx, som kviler i høge tre beitar generelt hovudsakleg nede på bakken. Dei er generalistar med omsyn til kosthaldet, tek insekt, frø, vegetasjon og knollar. Ørkenlevande artar tar særleg mykje frø.

Det meste av kunnskapen om forplantingsbiologien til tannvaktlar kjem frå nordamerikanske artar, som har vore betre undersøkt enn dei neotropiske. Fuglane i familien er generelt rekna å vere monogame, og reiret blir bygd på bakken. Som typisk innanfor Galliformes tel kullet mange egg, frå 3-6 egg for skogvaktlar, til så høgt som 10-15 for nordkrattvaktel. Ruginga tar frå 16 til 30 dagar avhengig av art. Ungane er godt utvikla ved klekking og kjem raskt ut av reiret for å følgje foreldra i store familiegrupper.

Nordkrattvaktel og kaliforniavaktel er populære jaktfuglar, mange blir tatt av jegerar, men desse artene har òg fått utvida leveområde for å møte etterspurnaden etter jakt og dei er ikkje truga. Nokre artar er truga av menneskeleg aktivitet, slik som gråstrupeskogvaktel i Mexico, som er truga av tap av habitat og ulovleg jakt.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Tannvaktlar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Slekt Ptilopachus

  • Klatrehøne, Ptilopachus petrosus, Stone Partridge, LC, Gmelin, 1789
  • Iturifrankolin, Ptilopachus nahani, Nahan's Francolin, EN, Dubois, 1905

Slekt Dendrortyx

Slekt Oreortyx

  • Spirvaktel, Oreortyx pictus, Mountain Quail, LC, Douglas, 1829

Slekt Callipepla

  • Skjelvaktel, Callipepla squamata, Scaled Quail, LC, Vigors, 1830
  • Sinaloavaktel, Callipepla douglasii, Elegant Quail, LC, Vigors, 1829
  • Kaliforniavaktel, Callipepla californica, California Quail, LC, Shaw, 1798
  • Svartbukvaktel, Callipepla gambelii, Gambel's Quail, LC, Gambel, 1843

Slekt Philortyx

  • Bandvaktel, Philortyx fasciatus, Banded Quail, LC, Gould, 1844

Slekt Colinus

  • Nordkrattvaktel, Colinus virginianus, Northern Bobwhite, NT, Linné, 1758
  • Mayakrattvaktel, Colinus nigrogularis, Black-throated Bobwhite, LC, Gould, 1843
  • Sørkrattvaktel, Colinus cristatus, Crested Bobwhite, LC, Linné, 1766

Slekt Odontophorus

Slekt Dactylortyx

  • Songvaktel, Dactylortyx thoracicus, Singing Quail, LC, Gambel, 1848

Slekt Cyrtonyx

  • Aztekvaktel, Cyrtonyx montezumae, Montezuma Quail, LC, Vigors, 1830
  • Zapotekvaktel, Cyrtonyx ocellatus, Ocellated Quail, VU, Gould, 1837

Slekt Rhynchortyx

  • Gråbrystvaktel, Rhynchortyx cinctus, Tawny-faced Quail, LC, Salvin, 1876

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 26. april 2014 
  2. Gjeld Clementslista. IOC-lista, versjon 2.4 frå International Ornithological Congress reknar 34 artar i 10 slekter, og tar med Ptilopachus, som tidlegare var klassifisert i fasanfamilien.
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tannvaktlar