Taupo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Taupo
Taupō-nui-a-Tia (Maori)
Land: Flag of New Zealand.svg New Zealand
Taupo is located in New Zealand
Folketal: 22 000 (i byen), 33 500 (i distriktet) [1]
Grunnlagd: 1869
Lokal iwi: Ngāti Tūwharetoa
Distrikt
Namn: Taupo District Council
Flatevidd 6 970km² (Distriktet)
Leiar: Rick Cooper
Heimeside: http://www.taupodc.govt.nz/
Regionstyre
Namn: Environment Waikato
Heimeside http://www.ew.govt.nz/

Taupo (uttala toe-pourːmāori) er ein by ved breidda til innsjøen Lake Taupo sentralt på NordøyaNew Zealand. Han er setet til Taupo District Council og ligg i den sørlege delen av regionen Waikato.

Taupo har eit innbyggjartal på 22 000[1]. I 1953 fekk Taupo offisiell bystatus (borough)[2], men har sidan 1989 vorte administrert av Taupo District Council, og distriktet omfattar både sjølve byen Taupo og tilliggjande landområde.

Namnet Taupo kjem frå māori Taupō-nui-a-Tia. Bokstaveleg omsett tyder det «Den store kappa til Tia», der Tia er namnet til han som oppdaga innsjøen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Taupo ligg ved utløpet til innsjøen Lake Taupo, den største innsjøen på New Zealand, i det nordaustlege hjørnet til sjøen der han tømmer seg i elva Waikato River. Elva dannar eit av dei flottaste fossefalla på New Zealand, Huka Falls, eit kort stykke nord for byen. Byen er eit senter for vulkansk og geotermisk aktivitet, og varme kjelder som høver til bading finst fleire stader i nærleiken. Vulkanfjellet Mount Tauhara ligg seks km mot aust.

Taupo ligg ved riksvegen State Highway 1 som her ligg i same trasé som State Highway 5. Byen ligg 53 km nord for Turangi. Han er eit av dei få sentra på New Zealand som aldri har vore knytt til jarnvegsnettet.


Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Nuvola apps kweather.svg Klimatabell: Taupo Weather-rain-thunderstorm.svg
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 23,3°C
74°F
23,3 °C
74 °F
20,9 °C
70°F
17,6°C
64 °F
14,1 °C
57 °F
11,8 °C
53 °F
11,2 °C
52 °F
12,1 °C
54 °F
14,1 °C
57 °F
16,5 °C
62 °F
19,0 °C
66 °F
21,3 °C
70 °F
16,9°C
62°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 11,5°C
53°F
11,6 °C
53 °F
10,2 °C
50 °F
7,4 °C
45 °F
4,9 °C
41 °F
3,4 °C
38°F
2,2 °C
36 °F
3,0 °C
37 °F
4,7 °C
40 °F
6,6 °C
44 °F
8,4 °C
47 °F
10,1 °C
570 °F
7,1°C
45°F
Gjennomsnittleg total nedbør 85 mm
3,35 "
77 mm
3,03 "
83 mm
3,27 "
74 mm
2,91 "
87 mm
3,43 "
99 mm
3,90 "
105 mm
4,13 "
109 mm
4,29 "
90 mm
3,54 "
102 mm
4,02 "
85 mm
3,35 "
108 mm
4,25 "
1102 mm
43,39 "
Kjelde: Niwa Science climate data
Ei av hovudgatene i sentrum av Taupo, med parkområdet Taupo Domain til venstre.
Luftfoto av byen sett frå aust, med Lake Taupo og Waikato River.
Fossestryka Huka Falls.


Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Taupo er eit turistsenter, særleg om sommaren, der ein finn panoramautsikt over sjøen, og mot dei vulkanske fjella i nasjonalparken Tongariro National Park i sør. Her finst ei rekkje aktivitetar for tilreisande, mellom anna fallskjermhopp, paragliding, vassport og mountain biking.

Taupo yter tenester til ei rekkje skogbruksverksemder i området, mellom desse Kaingaroa Forest, den største menneskeskapte skogen på den sørlege halvkula, med tilhøyrande trelastindustri. Eit stort sagbruk ligg om lag 3 km nordaust for byen.

Den termiske kraftstasjonen Wairakei geothermal power station ligg nokre få km nord for byen.


Transport[endre | endre wikiteksten]

Taupo ligg ved riksvegane State Highway 1 og og State Highwau 5 og turistvegen Thermal Explorer Highway. Alle desse tre vegane går saman i ei elleve kilometers strekning frå Wairakei i til den sørlege delen av Taupo.

Flyplassen Taupo Airport ligg sør for byen. Frå flyplassen har Air New Zealand og Eagle Airways direkte flyruter til Auckland og Wellington

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Panorama[endre | endre wikiteksten]

Panoramautsyn over Taupo.
Panoramautsyn over Taupo.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Taupo