Lake Taupo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lake Taupo
Tauposjøen
Lake TaupoTauposjøen - Tauposjøen.
Tauposjøen.
Stad Regionen WaikatoNew Zealand
Koordinatar 38°49′S 175°55′EKoordinatar: 38°49′S 175°55′E
Type innsjø Kratersjø
Tilsig Waitahanui River, Tongariro River og Tauranga-Taupo River
Utsig Waikato River
Tilsigsområde 3 487 km²
Tilknytte land New Zealand
Overflateareal 616 km²
Middeldjupne 110 m
Vassvolum 59 km³
Kystlengd1 193 km
Høgd over havet 356 moh
Øyar Motutaiko Island (11 ha)[1][2]
Busetnadar Taupo, Turangi
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Lake Taupo (Tauposjøen) er ein innsjø som ligg på NordøyaNew Zealand. Han har ei flatevidd på 616 km², og er med det den største innsjøen på New Zealand, og den ferskvassjøen med størst overflate i Oseania.

Lake Taupo har ein omkrins på om lag 193 km og ei største djupn på 186 meter. Sjøen har avløp gjennom elva Waikato River, den lengste elva på New Zealand, medan hovudtilførslene er elvene Waitahanui River, Tongariro River og Tauranga-Taupo River. Han er kjend for aurefiske, det er innført aure og regnbogeaure i sjøen.

Vulkanisme og danning av sjøen[endre | endre wikiteksten]

Tauposjøen
Hovudartiklar: Oruanuiutbrotet og Hatepeutbrotet.

Innsjøen ligg i ein kaldera som vart danna etter eit stort vulkanutbrot (sjå supervulkan) for om lag 26 500 år sidan. I følgje geologiske funn, har vulkanen hatt 28 utbrot gjennom dei siste 27 000 åra. Det meste av materialet som er kome fram under utbrot har vore ryolittlava, men fjellet Mount Tauhara er danna av dasittlava.

Det største utbrotet, som er er kjent som Oruanuiutbrotet, har ein rekna ut kasta ut 1 170 km³ masse, og dette førte til at eit område på fleire hundre km² fall saman og danna ein kaldera. Kalderaen vart etter kvart fylt med vatn som til slutt rann over og skapte ein stor flaum[3].

Fleire andre utbrot fann stand gjennom tusenåra før det siste store utbrotet som kom i år 180. Dette er kjent som Hatepeutbrotet, og ein meiner at 100 km³ vulkansk material vart kasta ut, av dette vart 30 km³ støytt ut i rommet på berre nokre få minuttar. Dette er eit av dei kraftigaste vulkanutbrota i dei siste 5 000 åra (ved sida av Tianchiutbrotet på Baekdu kring år 1000, og utbrotet til Tambora) i 1815, med ein vulkaneksplosivitetsindeks på sju. Røyk- og oskesøyla var dobbelt så høg som den som vart danna ved utbrotet til Mount St. Helens i 1980, og oska farga himmelen raud over Roma og Kina. Utbrotet la mykje av Nordøya aude, og innsjøen vart større. Området var ubygd av menneske på den tida utbrotet fann stad, ettersom New Zealand ikkje vart oppdaga av māoriar før tidlegast fleire hundreår seinare. Det siste kjende utbrotet i Taupo fann stad kring år 210, men dette var mykje mindre enn utbrotet i 180.

Utbrotet i 180 var eit av dei største det finst historiske nedteikningar om. Himmelen og solnedgangane som vart påverka av dette utbrotet er omtala av romerske og kinesiske observatørar. Dei mogelege klimatiske verknadane av utbrota reknar ein med har gjort seg gjeldande på den sørlege halvkula på grunn av den sørlege plasseringa til Lake Taupo[4]

Hydrotermisk aktivitet er påvist under vatn nær vulkanopninga ved Horomatangi,[5] og vulkanen vert no sett på som kvilande i staden for utsløkt.

Liv i sjøen[endre | endre wikiteksten]

Opphavlege arter i sjøen er nordleg koura, ei krepseart (Paranephrops planifrons) og kokopu eller småsild (Galaxiasarter ). Sjøen er likevel mest kjend for dei rikelege førekomstane av aure (Salmo trutta) og regnbogeaure (Oncorhynchus mykiss), innført frå høvesvis Europa og California seint på 1800-talet. Der har seinare vorte innført krøkle (Retropinnidae) som næring for auren.

Ei rekkje arter svampar og andre blautdyr held til ved dei geotermiske utløpa under vatnet[5].

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Satellittfoto av Tauposjøen frå NASA.
Steinrelieff laga i Mine Bay in 1979 av Matahi Whakataka-Brightwell og John Randall. Det er kalla Ngatoroirangi etter øvstepresten som bringa vulkanismen til New Zealand i maorisegner. Det ti meter høge biletet skal verja Tauposjøen frå vulkansk aktivitet.

Turisme er ein stor næringsveg i distriktet som dreg til seg meir enn 1,2 millionar tilreisande i året. Det faktum at Lake Taupo er den største ferskvassjøen i Australasia - og stundom marknadsført som den største på den sørlege halvkula - [6], og om lag på storleik med Singapore, bidreg til populariteten. Den travlaste tida er midtsommars, kring jul og nyttår.

Området kring sjøen har eit behageleg temperert klima. Maksimumstemperaturane går frå 24°C i januar til 15 °C i juli, medan nattemperaturane varierer frå 16 °C om sommaren og ned til 5 °C om vinteren. Det meste av nedbøren fell om sommaren [7].

Området har populære tilskipingar, som til dømes det årlege sykkelløpet Lake Taupo Cycle Challenge, rundt innsjøen. Denne rundturen tek frå fire til ti timar, avhengig av syklisten. Hundrevis av friviljuge frå byen Taupo hjelper til under stemnet.

Taupo skipar kvart år i april til til Oxfam-marsjen, ein 100 km lang marsj som har blitt arrangert i fleire år for å samla inn midlar til ideelle føremål.

Området er også kjent for fallskjermhopping.

Panorama[endre | endre wikiteksten]

Panorama over Lake Taupo.
Panorama over Lake Taupo.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Motutaiko Island, Department of Conservation.
  2. Laurence Cussen (1887). Lake Taupo, pp 328–331 in Notes on the Physiography and Geology of the King Country, Transactions of the Royal Society of New Zealand, 20, 317–332.
  3. Manville, Vern & Wilson, Colin J. N. (2004). «The 26.5 ka Oruanui eruption, New Zealand: a review of the roles of volcanism and climate in the post-eruptive sedimentary response». New Zealand Journal of Geology & Geophysics 47: 525–547. 
  4. Climate, History and the Modern World, Lamb, H. (1995), Routledge
  5. 5,0 5,1 C. E. J. de Ronde, P. Stoffers, D. Garbe-Schönberg, B. W. Christenson, B. Jones, R. Manconi, P. R. L. Browne, K. Hissmann, R. Botz, B. W. Davy, M. Schmitt and C. N. Battershill (2002). «Discovery of active hydrothermal venting in Lake Taupo, New Zealand». Journal of Volcanology and Geothermal Research 115: 257–275. doi:10.1016/S0377-0273(01)00332-8. 
  6. Taupo on www.newzealand.com
  7. GHCN Climate Database, Goddard Institute of Space Studies, www.giss.nasa.gov



Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lake Taupo