Turangi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 39°0′S 175°49′E

Turangi
Land: Flag of New Zealand.svg New Zealand
Turangi is located in New Zealand
Folketal: 3 240[1]
Distrikt
Namn: Taupo District Council
Flatevidd 2 273km²
Leiar: Rick Cooper
Heimeside: http://www.taupodc.govt.nz/
Regionstyre
Namn: Environment Waikato
Heimeside http://www.ew.govt.nz/

Turangi er ein liten by på vestbreidda av Tongariro River, 50 km sørvest for Taupo, på vulkanplatåetNordøyaNew Zealand. Han ligg i distriktet Taupo i regionen Waikato.

Byen vart oppretta som busetnad for arbeidarane og familiande deira under bygginga av vasskraftverka i Tongariro-vassdraget. Det var planlagt at han skulle vidareførast som eit lite tenestesenter for skogplantefelta sør for Lake Taupo og for turistar. Byen er vel kjend for det rike aurefisket som finn stad her. Den største hapuen (understamme) i Turangi-området er Ngati Turangitukua.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Turangidistriktet dekkjer om lag 2273 km², [3] og ligg inn mot grensa til åsryggene i Kaimanawa Range og 10 km nord for riksvegen State Highway 1, kjend som øydemarksvegen.

Turangi og landskapet kring, som ligg ved breidda til Tongariro River, byr på utfordrande jakt, fiske, mountain biking, turar, rafting, kajakkpadling og mange andre aktivitetar.[4]

Busetnad og demografi[endre | endre wikiteksten]

Velkomstskilt.

Ved folketeljinga i 2006 hadde byen 3 240 innbyggjarar, ein nedgang på 201 sidan 2001,[1] og er etter Taupo den nest største busetnaden i Taupo District. Folketalet i byen nådde ein topp på kring 9 000 i 1970-åra. Sidan avsluttinga av vasskraftprosjektet på 1980-talet har folketalet gått attende, men i minkande grad i seinare tid på grunn av byen sin framvokster som turiststad.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Turisme og skogbruk er dei berande næringsvegane i området, dei største arbeidsgjevarane er fengselsvesenet (Department of Corrections) som har to fengsel her, energiverket Genesis Energy, Miljødepartementet (Department of Conservation) og jordbruket.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Māoribusetnad[endre | endre wikiteksten]

Området vart først busett av māoriar frå iwien Ngati Tuwharetoa, etterkomarar av dei som opphavleg hadde halde til i Kawerau-området.

Den største tilflyttinga av Tuwharetoa fann stad i det 16. hundreåret med eit krigstog under leiing av Turangitukua som kjempa fleire slag mot dei tidlegare innbyggjarane i Taupo-, Rotoaira- og Kaimanawaområda.[5]

Etter desse kampane vart det oppretta fleire busetnadar i området, og ein større pa vart bygd på ei klippe med oversikt over Tongariro River og ved Waitahanui i Tongarirodeltaet. Ein annan viktig busetnad var ved Tokaanu.

Folket som etter kvart vart kjend som Ngati Turangitukua, var for storparten tilknytte Waitahanui pa. Ut frå denne grunnla dei ei rekkje busetnadar på båe sider av Tongariro River og sideelvene, og langs det som vart hovudvegen til Taumarunui (no Hirangi Road). I 1910 starta bygginga av eit wharepuni (gjeste- eller sovehus), dette utvikla seg etter kvart til Hirangi Marae-anlegget.[6]

Europeisk innvandring[endre | endre wikiteksten]

Dei første europearane kom til Turangidistriktet i 1830-åra,[7] men det var ikkje før i 1850-åra at den første europeiske busetnaden fann stad, då det vart bygd ein misjonsstasjon ved Pukawa.

I 1880- og 1890-åra vart det sett ut bekkeaure og regnbogeaure i innsjøen og elvene i distriktet. Ein liten busetnad for fiskarar vart grunnlagd ved Taupahi på breidda til Tongariro (no Taupahi Road), og ei rekkje europeiske fiskarar heldt til her.

I 1920-åra vart to fengsel opna ved Rangipo og Hautu, på grunn av at dette området var så isolert. Kring 1960 var innbyggjartalet rundt 500.[7]

Kraftutbyggingsprosjektet i Tongariro[endre | endre wikiteksten]

I etterkrigstida, på 1950-talet, vart det naudsynt å sørgja for snøgg utbygging av energiressursar for å møta den aukande industrialiseringa på New Zealand. Prosjektet Tongariro Power Scheme vart iverksett, i form av utbygging av demningsanlegg og vasskraftsstasjonar, samstundes som det skulle takast omsyn til vern av natur, klima, fugle- og dyreliv, fiske, og nærleiken til Tongariro nasjonalpark. Anlegget skulle produsera 1 400 GWh ved å føra vatn frå Tongariro River og frå elver på sørsida av Mount Ruapehu til Lake Taupo. Prosjektet ville krevja ein stor arbeidsstyrke som skulle skaffast innkvartering under anleggsperioden.

Fire stader vart vurderte som plassering for busetnaden som skulle romma arbeidsstokken til prosjektet: Rotoaira, Rangipo, Turangi West og Turangi East.

Turistpotensialet til Lake Taupo vart vurdert, så vel som dei økonomiske føremunane som kunne skapast ved å grunnleggja ein permanent busetnad. Ting som vart sett på var: tilgjenge, klima og førekomst av høveleg land for anlegg av ein busetnad, og det vart til slutt avgjort å byggja ut Turangi West.

Bygginga av byen starta seint i 1964[7], styresmaktene investerte 16 millionar NZD$ [7] i utviklinga, og i mai 1966 hadde folketalet i Turangi stige frå 500 til 2 500[7], og i løpet av 1968 hadde det nådd 6 500.[7] Eit reklameskrift, utgjeve av Arbeidsministeriet i 1969 omtala Turangi på den tid som ein hyggeleg og attraktiv by med 5000 innbyggjarar, som tilbaud eit «balansert samfunnsliv». Skriftet rekna opp byen sine fasilitetar, butikkar, tenester, handlegata, skular, ulike former for sport, bibliotek, fødeklinikk og parkar.[8]

Etter at vasskraftprosjektet var fullført sist på 1970-talet,[7] byrja Arbeidsministeriet (New Zealand Ministry of Works) og andre statlege organ å selja eigedomar innanfor Turangi-busetnaden.[7]

Austlege Lake Taupo, frå Turangi mot Taupo

Tvisten om brot på Waitangitraktaten[endre | endre wikiteksten]

I 1989 la iwien Ngati Turangitukua fram eit klagemål for Waitangitribunalet (Wai 84) over måten staten hadde gått fram på under planlegginga og gjennomføringa av vasskraftsprosjektet og bygginga av byen. Klagen vart handsama som ei presserande sak mellom april og oktober 1994, og Tribunalet sin rapport vart lagt fram i september 1995.

Tribunalet fann at krona (staten) hadde brote prinsippa i Waitangitraktaten på fleire måtar:

  • Krona tok over māoriland i Turangi West, sjølv om der fanst tilgjengeleg statleg land i Turangi East.
  • Krona rådførde seg ikkje tilstrekkeleg med Ngati Turangitukua under planlegginga og bygginga av busetnaden.
  • Landområdet som vart teke til oppføringa av byen var større enn det maksimale området staten hadde lova å nøya seg med.
  • Landområdet krona tok på seg å leiga til industriføremål og gje attende til stammen etter ti til tolv år, var teke med tvang og ikkje gjeve attende.
  • Heilage stader (Wahi tapu) vart øydelagde eller skada under anlegget av byen.
  • Det hadde ikkje vorte gjeve fullgod kompensasjon for landområda som var overtekne av staten.
  • Krona hadde ikkje teke godt nok omsyn til vernesaker.
  • Krona viste ikkje Ngati Turangitukua den respekta som stammen hadde krav på i kraft av si makt og arv (tangata whenua).
  • Forskriftene i lovene Public Works Act 1928 og Turangi Township Act 1964, som staten hadde halde seg til då han gjekk inn i og overtok landområde til klagarane, var ikkje i samsvar med den grunnleggjande garantien i Artikkel II i Waitangitraktaten, at māoriane kunne halda på landet sitt inntil dei måtte ønskja å selja det.
  • Tribunalet kom fram til at, som ei følgje av krona sine brot på prinsippa i Waitangitraktaten, hadde Ngati Turangitukua mista mykje av stammen sitt land. Stammen sitt sosiale og økonomiske grunnlag var alvorleg undergrave, og det var gjort skade på dei andelege, kulturelle og økonomiske rettane Ngati Turangitukua hadde.

I juli 1998 forhandla staten og Ngati Turangitukua for å oppnå full og endeleg semje om stammen sine klagemål og å få slutt på den vedvarande misnøyen. [9]

Krona og Ngati Turangitukua kom fram til ein avtale 26. september 1998,[10] han førte til ei fullstendig og endeleg semje om klagemåla til Ngati Turangitukua, som hadde retta seg mot utviklinga og oppbygginga av Turangi-busetnaden og følgjene av dette.

I 1999 vart lova Ngati Turangitukua Claims Settlement Act 1999 vedteken for å iverksetja:[11]

(a) Å dokumentera orsakinga gjeven av krona til Ngati Turangitukua i samsvar med semja frå 26. september 1998 ved den ansvarlege ministeren for forhandlingar etter Waitangitraktaten, Right Honourable Sir Douglas Arthur Montrose Graham, og Ngati Turangitukua, og
(b) Iverksetja visse vilkår i denne semja, og oppfylla krava frå Ngati Turangitukua.

Den kjende elva[endre | endre wikiteksten]

Elva Tongariro.

Elva, som er kjend verda over, Tongariro River, renn midt gjennom byen. Byen kallar seg «Verdas hovudstad for aurefiske».

Aktivitetar i området[endre | endre wikiteksten]

Sportsfiske i Tongariro River.

Styresett[endre | endre wikiteksten]

Turangi ligg administrativt i Taupo District Council og tre av dei elleve medlemene i distriktsstyret vert valde direkte frå byen,[12]. Turangi er administrert av sitt eige lokalstyre (Turangi Tongariro Community Board) med delegering frå Taupo District Council[12] dette sikrar at viktige lokale saker vert avgjorde av lokale representantar.

Rolla til Turangi Tongariro Community Boards er å:[12]

  • Presentera og fremja interessene til innbyggjarane i distriktet.
  • Handsama og rapportera alle saker som er oversende frå distriktsstyret, og elles andre saker av interesse for lokalstyret.
  • Sørgja for ei oversikt over dei tenestene distriktsstyret tilbyr samfunnet.
  • Førebu eit årleg framlegg til distriktsstyret om økonomiske løyvingar til området.
  • Samarbeida med lokale organisasjonar og interessegrupper i lokalsamfunnet.

Taupo District høyrer til sjølv regionen Waikato, og er administrert av Environment Waikato.

Venskapsby[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljinga i 2006, Statistics New Zealand
  2. A. W. Reed (2002) The Reed Dictionary of New Zealand Place Names – Auckland. ISBN 0-7900-0761-4.
  3. Taupo District Council (2009). Towards 2019 - Our neighbourhood, our future (Langtidsplan 2009-2019). Taupo District Council.
  4. Destination Lake Taupo.
  5. J T Grace Tuwharetoa A History of the Maori People of the Taupo District Reed 1959
  6. Hirangi Marae Archives
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 7,7 Welcome To Turangi - Top Of The Lake. Laketaupo.co.nz.
  8. Ministry of Works (1969) This is Turangi – Wellington.
  9. Waitangitribunalet (8. juli 1998) «[1]» – Tribunal delivers report on remedies in the Turangi Township claim.
  10. Ngati Turangitukua Deed of Settlement. (PDF).
  11. Ngati Turangitukua Claims Settlement Act 1999.
  12. 12,0 12,1 12,2 Turangi Tongariro. Taupo District Council.