Tema:Noreg i 1814/Utvald biografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


1

12. mars 2015-30. juni 2015

Wilhelm Frimann Koren Christie (7. desember 177810. oktober 1849) var ein norsk politikar og embetsmann som var med på Riksforsamlinga på Eidsvoll.

Christie var fødd i Kristiansund, son av ein kjøpmann. Elleve år gammal tok han til på latinskule i Bergen. Sidan studerte han jus ved Universitetet i København, cand. jur. i 1799. I åra 1801-08 var han tilsett på ulike offentlege kontor i rikshovudstaden. Frå 1809 var han sorenskrivar for Nordhordland, med bustad i Bergen. I 1815 vart han utnemnd til stiftamtmann i Bergen. Grunna sviktande helse søkte han i 1822 om fritak frå teneste, tok avskjed i 1825 med full gasje. Frå 1828 var han tollinspektør for Bergen. Les meir...


2

30. juni 2015-

Herman Wedel-Jarlsberg (21. september 177927. august 1840) var ein norsk politikar og adelsmann. Han tilhøyrde slekta Wedel-Jarlsberg og var lensgreve til Jarlsberg ved Tønsberg. Han var førsterepresentant frå Jarlsberg grevskap til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

Han vart fødd som nesteldste son av Anton von Wedel-Jarlsberg, greve til Jarlsberg, ein dansk minister av tysk opphav og dansk-norsk diplomat, og Cathrine von Storm. Mora hadde norsk bakgrunn, ho var dotter av stiftamtmann og kammerherre Caspar von Storm som åtte Det Stormske palé i Christiania, kor ho vaks opp. Bygninga finst framleis og er kjend som den gamle Krigsskulen i Tollbugata.

Barndomen vart tilbrakt på ulike plassar ute i Europa der faren arbeidde som diplomat. Les meir...



3

4

5

6