Teofilo Folengo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teofilo Folengo

Portrett Teofilo Folengo måla av Romanino.
Pseudonym Merlin Coccajo, Merlin Cocai, Limerno Pitocco, Merlino Coccajo
Fødd 8. november 1491, 1496
Mantova
Død

9. desember 1544, 1554 (53 år)
Campese

Yrke lyrikar, skribent
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Teofilo Folengo på Commons

Teofilo Folengo (8. november 14919. desember 1544) var ein italiensk munk og forfattar kjend for si makaroniske dikting. Han skreiv under løyndenamna Merlino Coccajo og Limerno Pitocco da Mantova. Hovudverket hans er Baldus (Opus Macaronicum), eit satirisk heldedikt på 25 bøker.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Teofilo Folengo var fødd i Cipada (no Cipata) nær Mantova av høgtståande foreldre. Som sekstenåring gjekk han inn i klosteret Sant'Eufemia ved Brescia, og atten månader seinare blei han medlem av benediktinarordenen. Han ser ut til å ha levd etter reglane i nokre år, og skal ha skrive latinske vers i Vergil-stil. I 1516 forlét han likevel klosteret av ukjende grunnar. Folengo levde eit omflakkande og fattig liv og tente til livsopphald ved hjelp av diktartalentet sitt og som privatlærar. Han var ei tid saman med Girolama Dieda, ei kvinne av god familie. Saman med bror sin Giambattista, som også var benediktinarmunk, vitja han sentrale og sørlege Italia, og var i kontakt med diktaren Vittoria Colonna.

I 1526 vende Folengo tilbake til klosterlivet etter å ha gjort bot og frigjort seg frå mistankar om heterodoksi, etter å ha uttrykt tankar som likna Luther sine i noko av det han hadde skrive. Nokre år var han på Sicilia med støtte frå viseregenten Don Fernando de Gonzaga, ei kort tid verker det også som han var ansvarleg for eit kloster der. I 1543 trekte han seg tilbake til Santa Croce de Campesio ved Bassano og døydde der i desember 1544.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Maccheronee

Baldus (Opus Macaronicum), som først kom ut i 1517, var det første store verket til Folengo. Det er eit burlesk heltedikt skrive på makaronisk latin og ulike italienske dialektar, på heksameter. Diktet handlar om eventyra til den unge adelsmannen Baldus og venene Cingar og kjempa Fracassus. Folengo gav ut diktet under løyndenamn som Merlino Coccajo (Cocajo, Cocaj) og Merlinus Coccaius.

Det neste verket hans, Orlandino frå 1526, var eit dikt på italiensk, skrive i ottava rima og sett saman av åtte canto (songar). Dette kom ut under løyndenamnet Limerno Pitocco ('tiggaren') da Mantova. Begge verka dreiv gjøn med den italienske episke romansetradisjonen. Dei var parodiar på soger om omflakkande riddarar og karikaturar på verk som Orlando furioso, Den guddommelege komedien av Dante og Vergil sine verk. Særleg gjorde dei narr av moten med å etterlikna språk og litteratur frå antikken. Han skreiv også andre dikt, som Moschaea, eit makaronisk dikt om krigen mellom fluger og maur, og «Zanitonella», ein parodi på Vergil sitt Bucolica.

Kort tid etter å ha vend tilbake til munkelivet skreiv Folengo Caos del tri per uno (1527), dels i prosa og dels på vers, på latin, italiensk og makaronisk, der han fortel litt om det omskiftande vandrarlivet sitt og om sine tidlegare kjettartankar. Alle verka han skreiv etter å ha blitt munk att var religiøse.

I 1533 gav han ut eit dikt om Kristus, L'Umanità del Figliuolo di Dio. I det latinske Janus uttrykker han anger for sine tidlegare verk, medan Hagiomachia skildrar livet til ulike helgenar på heksameter. Palermitana, som tenker seg tilbake til tida rundt Jesus sin fødsel, er på italiensk og nyttar terza rima.

Folengo sine verk var ein viktig påverknad for Rabelais, både i form og stil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]