Teotihuacán

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teotihuacán

LandMexico
Innskriven ved UNESCOs 11. sesjon i 1987.
Referansenr. 414.
Kriterium:I, II, III, IV, VI
Sjå ògVerdsarvstader i Amerika
BakgrunnsstoffTeotihuacán ved unesco.org

Teotihuacán var den største byen i Amerika før den europeiske erobringa, og namnet blir også brukt som nemning for den høgkulturen som sprang ut frå denne byen, og som dominerte det meste av Mesoamerika.

Ruinane av byen ligg i kommunen San Juan Teotihuacán, som hadde ca. 45 000 innbyggjarar i 2000, i delstaten México, ca. 45 kilometer nordaust for Mexico by. Nokre av dei ytste forstadene i millionbyen når heilt ut mot denne kommunen. Kommunen er del av storbyområdet ZMCM.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det opphavlege namnet til byen er ikkje kjend, men opptrer i tekstane til mayafolket som Puh (‘Siv-staden’),[1] sidan byen vart laga til på våtmark. Namnet «Teotihuacan» blei innført av dei nahuatl-språklege aztekarane fleire hundreår etter samanbrotet til byen rundt 550. Namnet er blitt tolka som å tyda ‘fødestaden til gudane’ eller ‘staden der gudane blei skapte’.[2]

På nahuatl blir namnet uttalt Teoti Wakan, med trykk på wa-stavinga. Teotihuacán var i stordomstida si ein multietnisk by, med eigne bydelar for zapotekarar, mixtekarar, mayaer og aztekarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Månepyramiden.

Mellom 900 og 600 f.Kr. var landsbyane å finna øvst i dalen, under frostgrensa, men høgt nok til å dra nytte av den ekstra nedbøren ein fekk der oppe. Det var truleg snakk om svedjebruk med lange brakkperiodar. Etter 600 f.Kr. oppstod det, kanskje som følgje av avskoging og utpining, fleire større landsbyar lenger nede i dalen, med oppdyrking av den nedskylte jorda og vatn frå den porøse, vulkanske fjellsida. Etter 300 f.Kr. voks det fram landsbyar nede i dalbotnen, og kjernen i det som utvikla seg til Teotihuacán hadde rundt 4.000 innbyggjarar. Eit nett av kanalar blei fylte frå kjelder som på slutten vatna om lag 55 000 mål intensivt dyrka jord med to årlege avlingar. Teotihuacán voks raskt etter 100 e.Kr., og hadde kanskje 125 000 innbyggjarar på 700-talet, ein by med palass av stein og mur for dei rike og rundt 2 200 dystre, mørke leilegheitskompleks for allmugen. Det er registrert 400 verkstader som framstilte reiskapar av obsidian, og over hundre keramikkverkstader.[3]

Solpyramiden blei bygd kring 150 f.Kr. Byen hadde stordomstida si mellom ca. 150 e.Kr. og 450 e.Kr., då han var hovudstad i eit vidstrekt rike med kulturinnverknad ut over heile Mellom-Amerika. Byen hadde ei utbreiing på ca. 30 km², og hadde mellom 150 000 og 200 000 innbyggjarar. Grunnlaget for rikdommen var førekomsten av obsidian, som blei omarbeidd til reiskapar som var ettertrakta i heile Mellom-Amerika.

Den breie hovudgata i byen, kalla «Avenyen til dei døde» (omsett frå nahuatl Miccaohtli, det opphavlege namnet er tapt), er framleis omgitt av imponerande byggverk. Den største pyramiden er Solpyramiden, den nest største pyramiden i Amerika, den nest største er Månepyramiden. Tempelet til Quetzalcóatl og ei rekkje andre tempel og palass ligg også langs denne gata.

Solpyramiden var eigentleg vigd regnguden Tlaloc og bygd over ei grotte, truleg ein heilagdom. Utstyr og rikdommar i grava er seinare blitt stolne, kanskje allereie før den spanske erobringa. Månepyramiden var vigd maken til Tlaloc, Chalchihuitlicue, som var gudinne for innsjøar og elvar. Denne pyramiden var ein viktig gravstad for eliten i Teotihuacán.

Det finst ingen eigentlege skriftlege kjelder frå Teotihuacán. I mayatekstar blir det likevel av og til vist til byen, mellom anna omtalar dei giftarmål mellom overklassen i Teotihuacán og lokale herskarar i mayaområdet, som strekte seg heilt til Honduras. Mayahieroglyfar nemner også ein person dei kallar «Spydkastarugla», som verker å vera herskar over Teotihuacán. Han herska i over 60 år, og tvinga inn slektningane sine som kongar i Tikal og Uaxactun i Guatemala. Det meste som er kjent om Teotihuacán er tolka ut frå murmåleri og friser som finst eller fanst på staden.

Omkring år 700 kollapsa Teotihuacán, kanskje fordi toltekarane var i ferd med å utvikla seg som ei stormakt berre tre mil unna. Det kan også ha dreidd seg om eit indre opprør – slummen og fattigstrøka var så å seie urørte – etter at samfunnet var blitt destabilisert av eit fall i nedbørsmengda, noko som ville vera nok til å senka grunnvasspegelen og gjera byen ubueleg. Området rundt byen var alt avskoga av det store behovet for treverk til byggjeverksemd, brensel og framstilling av kalkmørtel. Denne avskoginga i seg sjølv kan ha endra nedbørsmengda. I tusenåret mellom år 200 og 1200 voks befolkninga i Mexicodalen frå nokre titusen til to millionar, medan den politiske kontrollen voks frå eit par dalføre til å strekkja seg over eit halvt kontinent. I dette tusenåret var det tre overgangar i jordbruket:[4]

  • 1 Svedjebruk i fjellsidene, avløyst av
  • 2 kanalvatning frå kjeldebrønnar, der jord frå dreneringsgrøftene blei hauga opp i høgproduktive åkerkammer, og
  • 3 bygging av chinampas, der åkerkammane blir strekte ut i sjøen ved å dumpa mudder på eit fundament av kvist, greiner og maisstenglar.

Tilhengjarar av invasjonsteorien peikar derimot på at det er funne murmåleri i ein rivaliserande by, Cacaxtla, med skriftteikn for Teotihuacán over biletet av ein brennande pyramide. Talet på innbyggjarar gjekk i alle fall ned frå 500-talet av.

Solpyramiden.

Arkeologisk utgraving[endre | endre wikiteksten]

Kunnskapen om dei enorme ruinane blei aldri heilt gløymde. For aztekarane, som var til stades i Mexicodalen frå 1300-talet, var Teotihuacán eit pilegrimsmål som var knytt til myten om Tollan, staden der sola blei til.

Det var mindre arkeologiske utgravingar på 1800-talet, men i 1905 byrja eit omfattande prosjekt for utgraving og restaurering under arkeologen Leopoldo Batres.[5] Solpyramiden blei utgraven og restaurert til 100-årsjubileet for sjølvstendet til Mexico i 1910.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Linda Schele og Peter Mathews: The Code of Kings: The Language of Seven Sacred Maya Temples and Tombs (s. 39), forlaget Scribner, NY, ISBN 978-0-684-80106-3
  2. «Teotihuacan - Pyramids, Mexico & Map», HISTORY (på engelsk), 23. juni 2023, henta 17. januar 2024 
  3. Marvin Harris: Kannibaler og konger (s. 113), Gyldendals fakkelbøker, Oslo 1980, ISBN 82-05-12170-2
  4. Marvin Harris: Kannibaler og konger (s. 114-15)
  5. Seonaid Valiant: «Litt av en skurk: Batres og kartet over Teotihuacan»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Teotihuacán