The Legend of Zelda: A Link to the Past

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Legend of Zelda:
A Link to the Past

Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Takashi Tezuka
Produsent(ar)Shigeru Miyamoto
Komponist(ar)Koji Kondo
SerieThe Legend of Zelda
Plattform(er)Super NES, Game Boy Advance
UtgjevingJP: 21. november 1991
NA: 13. april 1992
EU: 24. september 1992
SjangerAction-eventyrspel
Spelemoduseinspelar
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttp://www.nintendo.co.jp/n02/shvc/zl/index.html
Del av serien The Legend of Zelda

The Legend of Zelda: A Link to the Past (ゼルダの伝説 神々のトライフォース Zelda no Densetsu: Kamigami no Triforce) er eit action-eventyrspel utvikla og publisert av Nintendo på spelkonsollen Super Nintendo Entertainment System. Det er det tredje spelet i The Legend of Zelda-serien og vart gjeve ut 1991 i Japan og 1992 i Europa og Nord-Amerika. Utviklinga av spelet vart ført av Shigeru Miyamoto og gruppa hans av dataspelutviklarar.

Spelet handlar om Link som fer på ei ferd for å berga kongeriket Hyrule, nedkjempa Ganon og frigjera etterkomarane av sju vise menn. A Link to the Past bruker eit 3/4 perspektiv sett ovanfrå som liknar det i The Legend of Zelda, og utelèt dei siderullande sekvensane frå Zelda II: The Adventure of Link. A Link to the Past introduserte fleire nye element til The Legend of Zelda-serien som framleis er vanlege i dei nyare spela, som katakombar med fleire etasjar, nye våpen og reiskapar i tillegg til Master Sword, og konseptet med ei alternativ eller parallell verd.

A Link to the Past vart godt motteke og opplevde komersiell suksess. Såleis vart spelet ein milepåle for Nintendo og er gjengs rekna som eit av beste dataspela som er laga. A Link to the Past har selt over 4 millionar eksemplar og har vorte portert til både Game Boy Advance og Virtual Console-tenesta på Wii.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]