The Sounds of Silence

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Sound of Silence
Singel av Simon & Garfunkel
frå albumet Sounds of Silence
Utgjeve september 1965
Innspelt 10. mars 1964 (original); 15. juni 1965 (overdub)
Sjanger Folkrock
Lengd 3:05
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Produsent Tom Wilson
Kritikk
Simon & Garfunkel-kronologi
«I'm Lonesome»
(1963)
The Sound of Silence «Homeward Bound»
(1966)

«The Sound of Silence» er songen som gjorde viseduoen Simon & Garfunkel kjende. Han vart skriven i februar 1964 av Paul Simon etter mordet på John F. Kennedy den 22. november 1963.[1] Etter at songen vart miksa på ny og det vart lagt elektriske instrument oppå den originale akustiske utgåva, vart songen gjeven ut på singel og har seinare vorte kalla ein av dei «viktigaste folkrock-songane».[2]

Simon spelar akustisk gitar på songen, medan både Simon og Garfunkel syng. Han vart opphavleg spelt inn som ein akustisk song for det første albumet Wednesday Morning, 3 A.M. i 1964, men produsenten på songen, Tom Wilson, la seinare på elektriske instrument på eige initiativ og gav han ut som singel i september 1965.[3][4] Singelen nådde førsteplassen nyårsdag 1966 og vart så gjeven ut på albumet Sounds of Silence i 1966.

Songen vart opphavleg kalla «The Sounds of Silence» og er skriven slik på tidlege album og på singelen. På seinare samlingar er han kalla «The Sound of Silence». Begge utgåve av tittelen finst i teksten til songen. I boka si Lyrics 1964–2008 skriv Simon sjølv tittelen i eintalsform.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Simon starta å skrive songen etter drapet på Kennedy. Han hadde kom fram til musikken, men drøyde med teksten. Den 19. februar 1964 var teksten òg ferdig, som Simon sjølv fortel:

« Hovudgreia med å spele gitar var at eg kunne sitje for meg sjølv og spele og drøyme. Og eg likt alltid å gjere det. Eg pleidde å gå inn på badet, fordi badet var flislagt, så det var alltid litt ekko. Eg opna kranen slik at vatnet rant - eg likar den lyden, det var veldig beroligande på meg - og eg spelte. Det var mørkt. 'Hello darkness, my old friend / I've come to talk with you again'.[5]  »

Simon spelte den nye songen for Garfunkel same dag og kort tid etter spelte duoen songen på viseklubbar i New York. I teksten til plateomslaget til Wednesday Morning, 3 A.M., skriv Garfunkel:

« 'The Sound of Silence' er eit stort stykke arbeid. Vi leitte etter ein stor song, men dette var meir enn nokon av oss hadde venta.[6]  »

Duoen spelte inn songen første gong 10. mars og tok han med på Wednesday Morning, 3 A.M., som kom ut oktober 1964.[7] Albumet gjorde det dårleg då det kom ut, og duoen vart oppløyst. Simon reisten til England og var der det meste av 1965. Her spelte han ofte songen solo på viseklubbar og spelte songen inn på ny for soloalbumet sitt The Paul Simon Songbook i mai 1965.

Samstundes hadde produsenten til Simon & Garfunkel i Columbia Records i New York, Tom Wilson, fått vite at radiostasjonar i Boston og i Florida hadde byrja å spele songen.

15. juni 1965, like etter innspelinga av Bob Dylan sin «Like a Rolling Stone», som Wilson òg produserte, tok han den originale versjonen til Simon & Garfunkel frå 1964 og la på elektrisk gitar (av Al Gorgoni), elektrisk bass (Bob Bushnell) og trommer (Bobby Gregg) og gav han ut som singel, utan å spørje Simon eller Garfunkel først. Dette kom av at sjølv om dei framleis hadde kontrakt med Columbia Records eksisterte ikkje duoen lenger.[3][8][9] Roy Halee var lydteknikar, som la på ein ekkoeffekt på songen, etter at The Byrds hadde nytta slike effektar med stor suksess.[3]

Som B-side valte Wilson ein song som tidlegare ikkje var gjeven ut, men som duoen hadde spelt inn nokre månader tidlegare for å prøve ein meir «moderne» stil. Singelen «Sounds of Silence» gjekk inn på den amerikanske singellista i september 1965 og starta sakte å klatre.

Simon fekk vite at singelen hadde gått inn på lista berre minuttar før han skulle spele på ein viseklubb i København i Danmark og seinare på hausten reiste han attende til USA. Mot slutten av 1965 og dei første få vekene av 1966 låg songen på førsteplassen i USA. Simon & Garfunkel slo seg då saman att og tok med songen på det neste albumet deira, Sounds of Silence, som vart innspelt i all hast i desember 1965 og gjeven ut i januar 1966 for å gjere seg nytte av suksessen deira. Songen gjorde dei til store stjerner i lag med to andre hitsinglar sommaren 1966, «I Am a Rock» og «Homeward Bound». I 1999 kåra BMI «The Sound of Silence» til den 18. mest framførte songen på 1900-talet.[10] I 2004 vart han rangert på 156. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Songen i filmar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart nytta tre gonger i filmen The Graduate, og vart spelt både under rulleteksten i starten og slutten av filmen.
  • I filmen Bobby vart han spelt under sigerstalen til Robert Kennedy, like før han vart drepen.
  • I filmen More American Graffiti frå 1966 kan ein høyre songen etter ein større slåsskamp på ein bar.
  • I Watchmen frå 2009 finst songen på filmmusikkalbumet og vart nytta under gravferda til The Comedian.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre The Bachelors, Barros de Alencar, Nick & Simon, Bitches Sin, The Smashing Pumpkins, Nevermore, Bananarama, The Coolies, Heir Apparent, The Dickies, All Angels, Atrocity, Gregorian, Emilíana Torrini, Ascension of the Watchers, Carlo Rossi, Adriano Pappalardo, Stanford Harmonics, Shaw Blades, Sharleen Spiteri, Garou, Point Valid, Anna Dabrowska, Alizée og Model M.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Victoria Kingston, Simon & Garfunkel : the definitive biography, London, Sidgwick & Jackson, 1995
  2. Hoffmann, Frank, Encyclopedia of Recorded Sound, 2nd ed., New York, NY : Routledge, 2005. ISBN 041593835X. Cf. volume 1 (of two), s.408, artikkel om "Folk Rock".
  3. 3,0 3,1 3,2 Simons, David (2004). Studio Stories - How the Great New York Records Were Made. San Francisco: Backbeat Books.  Cf. s.94-97.
  4. Charlesworth, Chris, The Complete Guide to the Music of Paul Simon and Simon & Garfunkel, Omnibus Press 1996. Cf. særleg s.17-18 om Sound of Silence.
  5. Schwartz, Tony. "Playboy Interview", Playboy, februar 1984, Vol. 31, No. 384, Iss. 2, s. 49–51 & 162–176
  6. Simon & Garfunkel sitat
  7. Patrick Humphries, Paul Simon: Still Crazy After All These Years (New York: Doubleday, 1989). ISBN 038524908X.
  8. David Simons - Studio Stories, s.96
  9. Paul Simon Discography - Simon & Garfunkel - 1964 to 1971
  10. "BMI Top 100 Songs of the Century: 8 Million+ Performances", 1999 (archive.org copy)


158:
 «I Only Have Eyes for You» 
The Flamingos
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
157

Simon & Garfunkel – «The Sounds of Silence»

156:
 «Proud Mary» 
Creedence Clearwater Revival