One-Trick Pony av Paul Simon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
One-Trick Pony
Filmmusikk av Paul Simon
Utgjeve august 1980
Innspelt 1979–1980
Sjanger Rock
Lengd 38:12
Selskap Warner Bros.
Produsent Paul Simon, Phil Ramone
Kritikk
Paul Simon-kronologi
Greatest Hits, Etc.
(1977)
One-Trick Pony Hearts and Bones
(1983)

One-Trick Pony er det femte albumet til Paul Simon og det kom ut i 1980. Albumet vart gjeven ut samstundes med filmen med same namn, der Simon òg hadde ei rolle. Trass i likskapen er ikkje versjonane av songane som vart nytta i filmen dei same som kom med på albumet. I tillegg finst det songar som berre vart nytta i filmen og songar på albumet som ikkje var med i filmen. Albumet er mest kjend for songen «Late in the Evening» som vart ein hit for Simon i 1980, då han gjekk opp til sjetteplassen på den amerikanske singellista. To av songane (tittelsongen og «Ace in the Hole») var konsertopptak frå Agora Theatre and Ballroom i Cleveland i Ohio i september 1979. Resten er spelte inn i studio.

Simon hadde med seg fleire studiomusikarar av øvste klasse, mellom anna Eric Gale på sologitar, Richard Tee på piano, Tony Levin på bass og Steve Gadd på trommer.

Albumet nådde 12. plass i USA, men i Noreg gjekk det heilt opp til andreplass.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Paul Simon. 

# Tittel Lengd
1. «Late in the Evening»    
2. «That's Why God Made the Movies»    
3. «One-Trick Pony»    
4. «How the Heart Approaches What It Yearns»    
5. «Oh, Marion»    
6. «Ace in the Hole»    
7. «Nobody»    
8. «Jonah»    
9. «God Bless the Absentee»    
10. «Long, Long Day» (med Patti Austin)  

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]