Still Crazy After All These Years

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Still Crazy After All These Years
Studioalbum av Paul Simon
Utgjeve 25. oktober 1975
Innspelt 1975
Sjanger Softrock
Lengd 36:25 (originalt album)
45:32 (CD-utgåve frå 2004)
Selskap Columbia, seinare Warner Bros.
Produsent Paul Simon, Phil Ramone
Kritikk
Paul Simon-kronologi
Paul Simon in Concert: Live Rhymin'
(1974)
Still Crazy After All These Years Greatest Hits, Etc.
(1977)

Still Crazy After All These Years er det fjerde studioalbumet til Paul Simon og kom ut i 1975.

Albumet produserte fire hitsinglar, «Gone at Last», «My Little Town», «50 Ways To Leave Your Lover» (#1) og tittelsporet. Albumet vann prisen for «Årets album» under Grammy-utdelinga i 1975. Under takketalen takka Simon Stevie Wonder, som hadde vunne prisen dei to føregåande åra for Innervisions og Fulfillingness' First Finale, for at han ikkje gav ut eit album dette året.[1]. Wonder vann prisen igjen med Songs in the Key of Life året etter.

På songen «My Little Town» fekk Simon med seg den gamle partnaren Art Garfunkel. Dette var første gong dei var i studio i lag sidan 1970. Simon har gjeve trommeslagar Steve Gadd æra for den unike rytmen som vart til «50 Ways To Leave Your Lover».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Paul Simon. 

# Tittel Lengd
1. «Still Crazy After All These Years»   3:26
2. «My Little Town»   3:51
3. «I Do It for Your Love»   3:35
4. «50 Ways to Leave Your Lover»   3:37
5. «Night Game»   2:58
6. «Gone at Last»   3:40
7. «Some Folks' Lives Roll Easy»   3:14
8. «Have a Good Time»   3:26
9. «You're Kind»   3:20
10. «Silent Eyes»   4:12

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. “”. «18th Grammy Awards Album Of The Year». YouTube. http://www.youtube.com/watch?v=IkA_qT0KSqI. Henta 2010-06-26.