The Spirit of Radio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Spirit of Radio
Singel av Rush
frå albumet Permanent Waves
B-side «Circumstances» (internasjonal) / «The Trees» & «Working Man» (UK)
Utgjeve 1. januar 1980
Innspelt 1979, Le Studio, Quebec
Sjanger hardrock, progressiv rock
Lengd (7" 3:00 / 12" 4:56)
Selskap Mercury Records
Låtskrivar(ar) Neil Peart, Geddy Lee, Alex Lifeson
Produsent Rush ogTerry Brown
Rush-kronologi
«Circumstances»
(1979)
The Spirit of Radio «Entre Nous»
(1980)

«The Spirit of Radio» er ein song frå 1980 av det kanadiske rockebandet Rush frå albumet Permanent Waves. Namnet på songen var inspirert av slagordet til ein radiostasjon i Toronto.[1] Songen var viktig i å gjere bandet populær. Det var den første songen deira i 1980-åra og han vart gjeven 1. januar 1980. Songen vart gjeven ut på singel og nådde 13. plass på den britiske singellista, den høgaste plasseringa deira på lista til då.[2] Det er den største hitten deira i Storbritannia nokon gong.[3] «The Spirit of Radio» var kåra til ein av The Rock and Roll Hall of Fame's 500 Songs that Shaped Rock and Roll, den einaste songen til Rush på denne lista.

Rush framførte denne songen for støttekonserten Rock Aid Armenia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. CFNY-FM catchphrase Henta 13. september 2012
  2. «UK Singles Liste runs». Polyhex.com. 2011-04-08. http://www.polyhex.com/music/listeruns/listeruns.php. Henta 13. september 2012. 
  3. «Rush – Spirit Of Radio». Discogs.com. http://www.discogs.com/Rush-Spirit-Of-Radio/release/1144431. Henta 13. september 2012.