Thekla Resvoll
Thekla Susanne Ragnhild Resvoll (22. mai 1871–14. juni 1948) var ein norsk botanikar, søster av botanikaren Hanna Resvoll-Holmsen. Ho var amanuensis ved Det Kongelige Frederiks Universitet (1902-1936) og fekk dr.phil.-graden på avhandlinga Om planter som passer til kold og kort sommer (1917), der ho studerte kor tilpaskingsdyktige fjellplantar er i goldt klima, og påviste issoleia sin mangeårige opplagring av energi. Ho oppdaga Aursunds-aster, Aster subintegerrimus ved Røros (1897).
Resvoll grunnla fjellhagen på Kongsvoll stasjon på Dovrebanen i 1924. Fjellhagen vart seinare flytt til knausane sør Kongsvold Fjeldstue ved E6. Ved hagen er det reist ein minnestein over henne i kleberstein frå Sel av Per Haugen. På Kongsvold Fjeldstue kan ein besøke Nasjonalparkutstillinga, som òg omtalar botanikarane som opp gjennom tidene har besøkt Kongsvoll. Utstillinga er opa i sommarmånadene, elles etter avtale med fjellstua.
Utgjevingar [endre]
- Vinter-flora. Vore vildtvoksende løvtrær og buske i vinterdragt, Aschehoug, 1911
- Norske fjellblomster, 1934
Referansar [endre]
- Eckblad, F.-E. (1991): Thekla Resvoll og Hanna Resvoll-Holmsen, to glemte? Pionerer i norsk botanikk. Blyttia 49: 3-10.
- Inger Nordal og Bredo Berntsen: «Thekla Resvoll» i Norsk Biografisk Leksikon
- almamatersdotre.no: Biografi med bilder