Thomas Müller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Müller
Thomas Müller Bayern.jpg
Personleg informasjon
Namn Thomas Müller
Fødselsdato 13. september 1989 (25 år)
Fødestad Weilheim in Oberbayern i Tyskland
Høgd 186 cm
Posisjon Midtbane, spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Bayern München
Draktnummer 25
Ungdomsklubb
1993-2000
2000-07
Tyskland Pähl
Tyskland Bayern München
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2007- Tyskland Bayern München 165 (58)
Landslag**
2009
2010-
Tyskland Tyskland U21
Tyskland Tyskland
6 (1)
49 (17)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 10. mai 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 6. juni 2014.

Thomas Müller (fødd 13. september 1989 i Weilheim in Oberbayern i Bayern) er ein tysk fotballspelar, som spelar for Bayern München i tysk Bundesliga. Han har òg landskampar for Tyskland. Müller vart seriemeister i Tyskland med Bayern München i 2010, 2013 og 2014, vann den europeiske Meisterligaen med klubben i 2013 og VM for klubblag same året.

Müller debuterte for Tyskland sitt A-landslag 3. mars 2010 i ein privatlandskamp heime mot Argentina. Han vart teken ut i Tyskland sin tropp til fotball-VM i Sør-Afrika same året, og dette vart det store internasjonale gjennombrotet hans. Han spelte seks av Tyskland sine sju kampar, men måtte stå over semifinalen grunna to gule kort. I den første gruppekampen, mot Australia, skåra han det første landslagsmålet sitt, og han skåra til saman fem mål i turneringa. Han vart dermed delt toppskårar i turneringa, saman med tre andre spelarar som òg skåra fem mål. Müller hadde flest målgivande pasningar i tillegg, og vann dermed toppskårarprisen "gullstøvelen". Han vart òg kåra til beste unge spelar i turneringa.