Thomas Wolsey
Thomas Wolsey eller Wulcy (fødd 1471 i Ipswich i England, død 29. november 1530 i Leicester) var ein kardinal i Den katolske kyrkja. Han var erkebiskop av York og Lord Chancellor of England frå 1514.
Han vart kreert til kardinal i september 1515 av pave Leo X. Det var hans andre konsistorium. Wolsey var kjent for den store prakta han omgav seg med, men var ein slu politikar som i mange år hadde øyret til den ureknelege kong Henrik VIII. Sjølv hadde han ambisjonar om å bli pave. Det som førte til fallet hans var den langvarige striden rundt ynskjet til kongen om å bli skilt frå dronninga si for å kunne gifte seg med Anne Boleyn. Mot slutten av livet sitt vart han ført til Tower, skulda for høgforråding. Ei rettssak ville utan tvil enda med dødsdom, men Wolsley døydde i fengselet før saka kom opp. Ryktet sa at han hadde teke sitt eige liv.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Thomas Wolsey» frå Wikipedia på bokmål, den 24. desember 2010.
| Føregjengar Christopher Bainbridge |
Erkebiskop av York 1514–1530 |
Etterfylgjar Edward Lee |
| Føregjengar William Warham |
Rikskanslar i England 1515–1529 |
Etterfylgjar Thomas More |
| Føregjengar Thomas Ruthall |
Biskop av Durham 1523–1530 |
Etterfylgjar Cuthbert Tunstall |
