Thoothukudi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thoothukudi
tamil தூத்துக்குடி
Hamna i Tuticorin fotografert av William Henry Jackson i 1895.
Hamna i Tuticorin fotografert av William Henry Jackson i 1895.
Styresmakter
Land
Delstat
Distrikt
India
Tamil Nadu
Thoothukudi
Geografi
Flatevidd
 - By

4 621 km²
Innbyggjarar
 - By (1991)
 - Storbyområde

199 854
280 091
Tidssone IST (UTC+5:30)
Diverse anna
Postnummer 628xxx
Telefon-retningsnummer +91 (0)461
Bilnummer TN 69

Thoothukudi, tidlegare kjend som Tuticorin, er hovudstaden i Thoothukudi-distriktet i den indiske delstaten Tamil Nadu og hamneby langs Koromandelkysten, ved Mannarbukta i Det indiske havet. Han har også vore ein viktig stad for perlefisking og skipsbygging, og har tilnamnet Perlebyen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nederlandsk framstilling av Tuticorin frå 1752.

Historia til Thoothukkudi går tilbake til 500-talet f.Kr. Han var hamnebyen til Pandyariket. Portugisarane tok makta i 1548, og byen voks. Nederlendarane tok over i 1658, og britane i 1825.

Byen blei senter for den indiske frigjeringsrørsla tidleg på 1900-talet som samlingsstad for leiarar som Subramanya Bharathy, Kattabomman og V.O. Chidambaram Pillai. I 1906 sjøsette den sistnemnde, saman med Bal Gangadhar Tilak, det første swadeshi-skipet herfrå. Indisk skipsfart var sterkt regulert av britane, og utviklinga av eigen handel var viktig for frigjeringsrørsla.

Hamn[endre | endre wikiteksten]

Thoothukudi har lenge virka som hamn for den sørlege delen av Tamil Nadu, mellom anna byane Coimbatore, Madurai og Tirunelveli.

Ei ny kontainerhamn opna i 1974 var den tredje største i India (etter Mumbai og Chennai). Nye Thoothukud hamn ligg 8 km søraust for den gamle hamna og kan ta imot skip som stikk 8,2 meter. Av alle hamner i India er Thoothukkudi den tiande største. Ho står for 7 % av all kontainertransport i India.

Det går òg ei ferje frå byen til Colombo på Sri Lanka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Thoothukudi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Engelsk Wikipedia .