Tamil Nadu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tamil Nadu
Geografisk plassering

Delstat i India

Hovudstad Chennai
Flatevidd

 - Rangering i India

130 058 km²

11.

Folketal (2001)

 - Rangering i India
 - Folketettleik

62 110 839

6.
478/km²

Grunnlagd 18. juli 1967
Offisielle språk Tamil
Guvernør
Øvste minister
Surjit Singh Barnala
M Karunanidhi
Nettstad tn.gov.in
Grunnlagd 1773, gjeve namnet Tamil Nadu den 18. juli 1967[1]

Tamil Nadu (tamil தமிழ் நாடு tamiḷ nāḍu, 'tamillandet') er ein delstat lengst sør i India. Som namnet viser var delstaten laga for å bli heimlandet til alle tamilar i India. Som andre indiske delstatar har Tamil Nadu sitt eige parlament og ein stor grad av sjølvstyre over indre politikk.

Eit religiøst opptog i Tamil Nadu rundt 1940

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjå og: Tamilar

Dei tamiltalande områda var ikkje ein del av dei store indiske rika det meste av tida. Dei blei første inkluderte i India i den britiske tida, då alle britiske eigedommar i sør-India blei samla i ein delstat i Britisk India. Delstaten vart kalla Madras-presidensi etter Madras (moderne namn Chennai) som var hovudbyen. Madras-presidensiet inkludert nesten alle av dei tradisjonelle tamilske områda i India, men også delar av moderne Andhra Pradesh, Karnataka, og Kerala.

Tamil Nadu blei danna etter det indiske sjølvstendet av dei tamiltalande delane av Madras-presidensi. Delstaten heitte 'Madras' inntil 1968, då namnet vart endra til Tamil Nadu. På tamil er det vanlegare å bruka det tradisjonelle namnet «Tamilakam» som tyder ‘tamilheim’. Det er også vanleg å kalla den lokale staten «Tamil arasu» (‘den tamilske staten’) i staden for det offisielle «Tamil natu arasu» (‘staten til Tamil Nadu’).

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Tamilparlamentet har 234 medlemmer, som er valde for ein 4-årsperiode med majoritetsrøysting. I tråd med Westminister-modellen blir staten styrt av ein sjefminister, som er regjeringssjefen, og andre ministrar, som alle må vera medlemmer av tamilparlamentet. Tamil Nadu sender også 39 medlemmer til det indiske parlamentet, som også blir valde med direkte majoritetsrøysting i 39 valkrinsar. Tamilar er veldig stolte av språket og kulturen sin, og tamilpolitikk har veldig mykje å gjera med språk- og kulturpolitikk. Tamil Nadu har som følgje av dette sine eigne politiske parti som dominerer over tamilpolitikk, medan indiske politiske parti nesten ikkje har spelt nokon rolle sidan 1967.


India: Delstatar og territorium Det indiske flagget
Andhra Pradesh | Arunachal Pradesh | Assam | Bihar | Chhattisgarh | Goa | Gujarat | Haryana | Himachal Pradesh | Jammu og Kashmir | Jharkhand | Karnataka | Kerala | Madhya Pradesh | Maharashtra | Manipur | Meghalaya | Mizoram | Nagaland | Orissa | Panjab | Rajasthan | Sikkim | Tamil Nadu | Tripura | Uttarakhand | Uttar Pradesh | Vest-Bengal
Forbundsterritorium: Andamanøyane og Nikobarane | Chandigarh | Dadra og Nagar Haveli | Daman og Diu | Lakkadivane | Puducherry
Hovudstadsterritorium: Delhi