Timalar
| Timalar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Timaliidae | |
| Slekter | ||
|
||
Timalar er ein stor biologisk familie av sporvefuglar, hovudsakleg i «den gamle verda». Artane er ganske ulike i storleik og farge, men er prega av mjuk fjørdrakt. Dette er fuglar i tropiske område, med størst variasjon i Søraust-Asia.
Det morfologiske mangfaldet er ganske høgt, dei fleste artane liknar songarar, nøtteskrikjer eller trastar. Denne gruppa er blant dei i «den gamle verda» med høgst mengder artar som er nye for vitskapen.
Innhaldsliste |
Skildring[endre]
Timalar er små til mellomstore fuglar, som strekkjer seg i storleik frå dvergsmettimal på 9 centimeter i lengd, til kjempelattertrast på 36 cm. Dei har sterke bein, og mange lever bakkenært. Dei har vanlegvis generalisert nebb, nebba liknar dei til trastar eller songarar, med unntak av sigdtimalar som har sterkt nedbøygd nebb. Dei fleste har hovudsakleg brun fjørdrakt, med minimal skilnad mellom kjønna, men mange fargerike arter finst òg.[1]
Fuglar i denne familien er generelt ikkje trekkfuglar, dei fleste artane har korte, runde venger og er dårlege flygarar. Dei lever i lett skogsterreng eller i eit miljø med krattvekstar, alt frå myr til halvørkenen. Dei er primært insektetarar, men mange vil òg ta bær, og dei større artene vil til og med ete små øgler og andre virveldyr.[1]
Typiske timalar lever i samfunn på rundt eit dusin fuglar, i saman for å forsvare eit territorium. Mange hekkar i eit fellesskap, med eit dominerande par som byggjer eit reir, og resten hjelper med å forsvare og oppdra ungane. Unge hannar held fram i gruppa, medan hoene søkjer seg bort for å finne ei ny gruppe, og dermed unngå innavl. Dei lagar reir av kvister, og gøymer dei i tett vegetasjon.[1]
Systematikk[endre]
Clementslista versjon 6.4 tar med 360 artar i lista over timalar, av desse nesten 100 artar i den tidlegare familien brillefuglar, Zosteropidae. Den nordamerikanske arten chaparralfugl er ein gåtefull art som i nyare tid vart plassert blant timalar, men plasseringa er usikker.
Slekter av timalar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
- Malia: ein art, norsk artsnamn er også malia, Malia grata, incertae sedis
- Garrulax, om lag 52 lattertrastar
- Liocichla, 4 lattertrastar
- Modulatrix: prikkstrupe, Modulatrix stictigula
- Arcanator: flekkbryst, Arcanator orostruthus
- Trichastoma, 4 incertae sedis
- Malacocincla, 4 timalar
- Pellorneum, 7 timalar
- Malacopteron, 6 timalar
- Illadopsis, 7 lauvtimalar
- Kakamega: gråbrystlauvtimal, Kakamega poliothorax
- Pseudoalcippe: sothovudlauvtimal, Pseudoalcippe abyssinica i mogleg klade sylviid
- Ptyrticus: trasttimal, Ptyrticus turdinus, incertae sedis
- Pomatorhinus, 9 sigdtimalar
- Xiphirhynchus: sabeltimal, Xiphirhynchus superciliaris
- Jabouilleia, 2 smettimalar
- Rimator: langnebbsmettimal, Rimator malacoptilus, incertae sedis
- Ptilocichla, 3 smettimalar, incertae sedis
- Graminicola: svarthalesongar, Graminicola bengalensis
- Kenopia: stripesmettimal, Kenopia striata
- Napothera, 9 smettimalar
- Pnoepyga, 3 smettimalar, incertae sedis
- Spelaeornis, 6 smettimalar
- Sphenocichla: kilenebbsmettimal, Sphenocichla humei
- Stachyris, rundt 29 timalar
- Dumetia: karamelltimal, Dumetia hyperythra, incertae sedis
- Rhopocichla: svarthettetimal, Rhopocichla atriceps, incertae sedis
- Macronous, 5 meistimalar
- Micromacronus: knøttmeistimal, Micromacronus leytensis, incertae sedis
- Timalia: kastanjekronetimal, Timalia pileata
- Chamaea: chaparralfugl, Chamaea fasciata i mogleg klade sylviid
- Turdoides, ca. 29 skriketrastar
- Babax, 3 babaksar
- Leiothrix, 2 timalar
- Cutia: kutia, Cutia nipalensis
- Pteruthius, 5 prakttimalar
- Gampsorhynchus: kvithovudtimal, Gampsorhynchus rufulus
- Actinodura, 7 gittervenger
- Minla, 3 minlaer
- Alcippe, 18 fulvettaer, i mogleg klade sylviid
- Lioptilus: raudnebb, Lioptilus nigricapillus, incertae sedis
- Kupeornis, 3 incertae sedis
- Horizorhinus: kvistdansar, Horizorhinus dohrni, incertae sedis
- Phyllanthus: kapusinartimal, Phyllanthus atripennis, incertae sedis
- Crocias, 2 incertae sedis
- Heterophasia, 8 sibiaer
- Yuhina, 11 topptimalar
- Speirops, 4 brillefuglar, Zosteropidae
- Zosterops, 75 brillefuglar
- Rukia, 2 brillefuglar
- Cleptornis: gyllenbrillefugl, Cleptornis marchei
- Tephrozosterops: rustbrillefugl, Tephrozosterops stalkeri
- Madanga: raudstrupebrillefugl, Madanga ruficollis
- Lophozosterops, 6 brillefuglar
- Oculocincta: dvergbrillefugl, Oculocincta squamifrons
- Heleia, 2 brillefuglar
- Chlorocharis: pirolbrillefugl, Chlorocharis emiliae
- Woodfordia, 2 brillefuglar
- Megazosterops: storbrillefugl, Megazosterops palauensis
- Hypocryptadius: kanelbrillefugl, Hypocryptadius cinnamomeus
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Old World babbler» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2010
Referansar[endre]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Perrins, C. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 188–190. ISBN 1-85391-186-0.
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff[endre]
- Videoar av timalar hos Internet Bird Collection