Brillefuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brillefuglar


Gråbrystbrillefugl, Zosterops lateralis
Gråbrystbrillefugl, Zosterops lateralis

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Timaliidae
Slekter

Brillefuglar er små sporvefuglar som lever i tropiske, subtropiske og tempererte delar av Afrika sør for Sahara, sørlege og austlege Asia og Australasia. Brillefuglar er utbreidd på dei fleste tropiske øyane i Det indiske havet, vestre delar av Stillehavet, og i Guineabukta. Ser ein bort frå nokre medlemmer av slekta Zosterops, er dei fleste artane endemiske til enkeltøyar eller til øygrupper. Gråbrystbrillefugl, Zosterops lateralis, har koloniserte New Zealand naturleg , der han frå 1855 er kjent som «voksauge» eller 'tauhau', «den framande» . Gråbrystbrillefugl er dessutan innført til Hawaii så vel som til Society Islands i Fransk Polynesia. Tidlegare var denne gruppa rekna som ein sjølvstendig familie med vitskapleg namn Zosteropidae, i dag ein del av familien Timaliidae.

Innhaldsliste

[endre] Skildring

Dei ulike artane av brillefuglar har generelt få særtrekk i utsjånaden, fjørdrakta er vanlegvis olivengrønleg på oversida og lysegrå under. Nokre artar har ein kvit eller ljos gul hals, bryst eller underside, og fleire har brungule flankar. Nett som namnet på gruppa seier, så har mange artar ein iaugefallande ring av små kvite fjører rundt auga.[1] Det vitskaplege namnet på gruppa som familie, Zosteropidae, reflekterer òg denne siste funksjonen, det er avleidd frå det gammalgreske ordet for «belteauge». Dei har avrunda venger og sterke bein. Som mange andre nektaretande fuglar, har dei slanke, spisse nebb, og børstetippa tunger.[1] Storleiken når opp til 15 cm i lengd.

Alle artene av brillefuglar er sosiale, dannar store flokkar som berre skil lag når hekkesesongen er nær. Dei byggjer reir og tre og legg 2-4 egg. Sjølv om dei i hovudsak er insektetarar, et dei nektar og frukt av ulike slag.

[endre] Artslista

Brillefuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

[endre] Kjelder

[endre] Referansar

  1. 1,0 1,1 Lindsey, Terence (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 207. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk