Timuridedynastiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Timurid-dynastiet i si største utstrekking.

Timuridane var eit tyrkisk-mongolsk dynasti som herska over Sentral-Asia – heile moderne Iran og Afghanistan og delar av Pakistan og India – frå 1300-talet. Timuridefyrsten Babur grunnla seinare det indiske Mogulriket.

Grunnlegging[endre | endre wikiteksten]

Dynastiet blei grunnlagd av emiren av Kesh (Shahrisabz), kjent som Timur Lenk. Timur erobret store delar av Transoxiana frå 1363 og framover ved ulike alliansar (Samarkand i 1366, Balkh i 1369), og blei anerkjend som herskar over dei i 1370. I 1389 hadde han fjerna kartidane frå Afghanistan (Herat) og rykte inn i Iran og Irak frå 1382 (Isfahan erobra i 1387, muzaffaridane fjerna frå Shiraz i 1393 og jalayridane kasta ut av Bagdad). I 1394/95 triumferte han over den gylne horden og fekk herredøme over Kaukasus. Han underla seg det nordlege India i 1398 og okkuperte Delhi. I 1400/01 tok han Aleppo, Damaskus og det austlege Anatolia, øydela Bagdad i 1401 og triumferte over ottomanarane ved Ankara i 1402. Under Timur Lenk blei Samarkand utropt til «verdas sentrum».

Herskarane i timuride-dynastiet[endre | endre wikiteksten]

År Sjah Merknader
13691405 Timur Lenk
14051408 Miran Shah
14081447 Shah Rukh
14471449 Ulugh Beg
14491450 Abdul Latif Delt, 14491502
14521468 Abu Sa'id
14681506 Hussein Bayqara
14971512 Zahiruddin Babur

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Timuridedynastiet