Tobias Stimmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hauz zum Ritter
Portrett av Jakob Schwytzer og Elisabeth Lochmann, 1564

Tobias Stimmer, (7. april 15394. januar 1584), var ein sveitsisk kunstmålar og teiknar. Han er særleg kjend for det astronomiske urverket i Strasbourg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Stimmer var fødd i Schaffhausen i Sveits, der faren var skulemeister. I 1564 måla han eit bilete av legen og naturforskaren Conrad Gesner i Zürich, og dobbelportrett av Jakob Schwytzer og kona hans. Frå 1567 stammar eit portrett av ordføraren i Zürich, Bernhard von Cham. Året etter hadde han illustrasjonsoppdrag både i Basel og i Strasbourg. Same året måla han fasaden på 'Haus zum Ritter' i Schaffhausen. 1569-70 arbeidde han i Como, der han hadde i oppdrag å teikne portrett av historikaren Paolo Giovio. Etter heimkoma slo Stimmer seg ned i Strasbourg. Der jobba han som illustratør for boktrykkarane Johann Fischart og Bernhard Jobin. 1571-74 laga han ei astronomisk klokke i katedralen i Strasbourg, på oppdrag frå matematikaren og astronomen Conrad Dasypodius.

År 1576 gav Basel-forlaget Thomas Guarin ut ein biletbibel basert på teikningar av Stimmer. Denne representerer høgdepunktet i Stimmer sitt virke som illustratør. Frå 1576 til 1578 måla han 13 allegoriske figurar under taket på det nye slottet i Baden-Baden.

Stimmer døydde i 1584 i Strasbourg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tobias Stimmer