Torolv Kveldulvsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Torolv Kveldulvsson var son åt Kveldulv Bjålvesson og Salbjørg Kåresdatter, og bror til Skallagrim Kveldulvsson som fekk sonen Egil Skallagrimsson. Egilssoga skildrar to kontrastfulle brør, litterært sett. Torolv Kveldulvsson er like staut, omgjengeleg og ven som broren Skallagrim er full av kraft, mørk til sinns og ikkje spesielt fager. Det same forholdet går igjen hos Egil og hans bror, og etter det hos borna hans. Denne kontrasten er viktig som ei åtvaring om at sagaene kan vere like mykje skjønnlitteratur som historiske vitnesbyrd.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Torolv Kveldulvsson si ætt kom frå Fjordane, men da Bård Brynjulvsson døydde av såra han fekk etter slaget i Hafrsfjord lét han vennen Torolv overta godset på Torgar (no Torget, rett sør for Brønnøysund) i Hålogaland, kona Sigrid og oppfostringa av sonen. Torolv blir da ein del av den legendariske Torgarætta. Torgar låg strategisk i skipsleia, rett ved sida av Torghatten, og her oppstod det tidleg ein handelsplass og eit høvdingsete.

Torolv Kveldulvsson var hirdmann hos Harald Hårfagre og utmerka seg i slaget i Hafrsfjord. Som ombodsmann for kongen fekk han i følgje sagatradisjonen retten til finneskatten, men seinare fekk kong Harald mistru til Torolv, og mennene åt kongen drap Torolv ca år 900. På grunn av tvisten med kongen utvandra ætta til Island.

Finneskatt[endre | endre wikiteksten]

Den eldste i Torgarætta som nemnast i sagaene er Bjørgulv og sonen Brynjulv, som lenge hadde finneskatten, dvs retten til handel og skatt av samane. Finneskatten gjekk då i arv til Torolv Kveldulvsson med godkjenning frå kong Harald. Seinare overtok og busette Torolv Kveldulvsson seg på Sandnesgarden (noverande Sandnessjøen) og blei då ein monaleg maktfaktor på Hålogaland.

I Egilssoga nemnast at han drog fleire gonger nord og austover med mange menn. På ei av ferdene, kan hende i slutten av 880-åra, fortel sagaen om ulike folkeslag i nord:

«Torolv fór denne vinteren òg til Finnmarka, og hadde med seg nære hundre mann. Han fór fram som vinteren før, hadde kjøpstemne med finnane (samane) og fór vidt omkring i Finnmarka. Han drog langt austpå, og då ferda hans spurdest der, kom det kvener til han og sa at dei var sendt til han av kong Faravid av Kvenland. Dei fortalte at karelarane herja i landet hans, og derfor ville han be Torolv komme dit og hjelpe han.»

Næringsverksemd[endre | endre wikiteksten]

Torolv Kveldulvsson dreiv næringsverksemd i stor stil. Han er den første kjente eksportør av tørrfisk frå nord. Egilssoga fortel at han i tida rundt 875 «sende folk nord til kaupangen Vágar i Hålogaland (nå Vågan) på skreifiske og fór også med fisk til England. Torolv lèt «bære om bord skrei og huder og røyskattskinn» og lèt skipet segle vestover til England «for å kjøpe klede og andre ting som han trong».

Sagaen fortel òg at Torolv Kveldulvsson hadde eggvær, som gav dun (fuglefjør) og egg, som var ei viktig handelsvare som strekker seg langt tilbake i tid. Arkeologane har funne spor etter ærfugl i kjøkkenmottingar frå steinalderen og på helleristningar i Nord-Noreg.

Etter at Torolv Kveldulvsson døydde, vert kona Sigrid gift med høvdingen Øyvind Lambe, og frå dei stammar Tjøttaætta.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]