Trango

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 35°46′N 76°11′E
Trango Towers
fjell
none  Trango — Fjellveggane er dei høgaste i verda. I midten ligg Trango, til venstre for midten Trango Monk, lengst til venstre Trango II og Great Trango til høgre.
Trango — Fjellveggane er dei høgaste i verda. I midten ligg Trango, til venstre for midten Trango Monk, lengst til venstre Trango II og Great Trango til høgre.
Land Flag of Pakistan.svg Pakistan
Region Baltistan
Fjellkjede Baltoro Muztagh, Karakoram
høgd 6 286 moh
skardhøgd 800 m
koordinatar 35°46′N 76°11′E
Geologi Granitt
Lettast tilkomst Klatring opp nordvestveggen.
Førstestiging av Galen Rowell, John Roskelley, Kim Schmitz og Dennis Hennek
 - dato 1977

Trango (engelsk Trango Towers) er eit fjellmassiv med høge, dramatiske granitt-tindar på nordsida av Baltorobreen i Baltistan, ein region i territoriet Gilgit-Baltistan nord i Pakistan. Dei er ein del av fjellkjeda Baltoro Muztagh i Karakoram-fjella. Tindane har nokre av dei høgaste fjellveggane og mest utfordrande klatreveggane i verda. Det høgaste punktet i gruppa er Great Trango Tower på 6 286 moh. Austveggen på Great Trango Tower er den høgaste nær vertikale fjellveggen i verda.

Strukturen i massivet[endre | endre wikiteksten]

Alle av Trango-tindane ligg på ein fjellkam, som går frå nordvest til søraust, mellom Trangobreen i vest og Dungebreen i aust. Great Trango er eit eige massiv med fire fjelltoppar: Hovudtoppen (6286 moh), sør eller sørvest (6250 moh), aust (6231 moh), og vest (6223 moh). Strukturen er ei kompleks blanding av bratte snø- og/eller isdekte kløfter, bratte fjellveggar og vertikale og overhengande veggar med snøryggar på toppen.

Like nordvest for Great Trango ligg Trango Tower (6239 moh), ofte òg kalla «Nameless Tower», «det namnlause tårnet». Dette er ein særs høg, og spiss tind som stikk 1000 meter over fjellkammen. Nord for Trango Tower ligg ein mindre tind kalla Trango Monk. Nord for dette får fjellkammmen mindre preg av dei bratte granittvegane som er så attraktive for fjellklatrarar, sjølv om fjelltoppane vert høgare. Desse høgare fjelltoppane vert derimot ikkje rekna med til Trango Towers, sjølv om dei høyrer til Trango-massivet. Trango II (6327 moh) ligg nordvest for Monk, og er den høgaste fjelltoppen på ryggen, medan Trango Ri (6363 moh), ligg nordvest for Trango II.

Like søraust for Great Trango (i røynda ein del av søraustryggen til Great Trango) ligg Trango Pulpit (6050 moh), som har fjellveggar som med liknande klatreutfordringar som sjølve Great Trango. Lenger sør ligg Trango Castle (5753 moh), den siste høge tinden langs ryggen før Baltorobreen.

Klatrehistorie[endre | endre wikiteksten]

Alt i alt er Trango-massivet rekna som eit av dei vanskelegaste fjella å klatre i verda på grunn av høgda, den totale lengda på rutene og dei steile veggane.[1] Alle rutene er særs tekniske.

Trango har aldri blitt klatra av lokale innbyggjarar. Imran Junaidi og Usman Tariq var dei første pakistanarane som prøvde seg på Trango i september 2013, men dei måtte gje seg på grunn av kraftig snøfall.[2]

Great Trango Tower

Great Trango[endre | endre wikiteksten]

Great Trango vart først klatra i 1977 av Galen Rowell, John Roskelley, Kim Schmitz, Jim Morrissey og Dennis Hennek via ei rute som starta på vestsida (Trangobreen) og klatra ein kombinasjon av isblokker, kløfter med fjellveggar og endte opp på den øvre sørveggen.[3]

Austveggen av Great Trango vart først klatra (til austtoppen) i 1984 av norske Hans Christian Doseth og Finn Dæhli, som begge omkom på veg ned att. Med på denne ekspedisjonen var også Dag Kolsrud og Stein P. Aasheim, som på grunn av matmangel måtte returnere ned veggen nokre hundre meter under toppen. Doseth og Dæhli fortsette til topps, og fullførte det som har blitt ståande som ein av Himalaya-klatringa sine største bragder. Under rappellane ned den enorme veggen vart dei to klatrarane anten teke av ras, eller dei fall ut idet eit rapellanker svikta, og begge klatrarane fall i døden. Dei første som kom seg heilskinna ned att frå austtoppen var Xaver Bongard og John Middendorf i 1992, ei rute som gjekk parallelt til den norske ruta. Desse to klatrerutene har vorte kalla «kanskje dei hardaste storveggrutene i verda».[4]

Ein norsk ekspedisjon leia av Robert Caspersen (med Per Ludvig Skjerven, Gunnar Karlsen og Einar Wold) klatret ei ny, vanskeleg rute i den bratte nordveggen på Trango Pulpit (6050 moh.) i 1999. Dette vert òg rekna som ein de av dei største bragdene i norsk klatrehistorie.

I løpet av mai og juni 2008 vart Norskeruta frå 1984 repetert for første gang heilt til topps av eit nytt norsk taulag opp veggen. Den 2. juni stod Rolf Bae, Bjarte Bø, Sigurd Felde og Stein-Ivar Gravdal på toppen av Great Trango, etter 27 dager i veggen. Dei brukte tre dagar på turen ned att.[5] Rolf Bae døydde seinare på sommaren som ein av 11 klatrarar som omkom på K2.

Den minst vanskelege ruta opp Great Trango er nordvestveggen, og denne vart klatra i 1984 av Andy Selters og Scott Woolums.[4] Denne er likevel særs vanskeleg og teknisk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. American Alpine Journal, 2000, pp. 86-114
  2. http://www.pakistanalpine.com/articles/expeditions/pakistans-first-big-wall-climbing-expedition
  3. Hennek, Dennis (1978). «Great Trango Tower». American Alpine Journal (New York, NY, USA: American Alpine Club) 21 (52): 436–446. 
  4. 4,0 4,1 Andy Fanshawe and Stephen Venables, Himalaya Alpine Style, Hodder and Stoughton, 1995, p. 43.
  5. Norwegians repeat historic Trango route - Climbing magazine
:|Trango]]» frå den 19. januar 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]