Trapezunt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Αὐτοκρατορία Τραπεζούντος
Trapezunt-riket
Blank.png
12041461 Flag of the Ottoman Empire (1453-1517).svg
Plasseringa til Trapezunt
Trapezunt-riket (brun) og kringliggande statar i 1300.
Hovudstad Trabzon
Språk pontisk gresk (de facto)
Religion Den austleg-ortodokse kyrkja
Styreform Autokrati
Keisar1
 - 1204–1222 Alexios I
 - 1459–1461 David
Historisk periode Mellomalderen
 - Oppretta 1204
 - Opphøyrde 15. august 1461
1 den fulle tittelen på keisarane av Trapezunt etter 1261 var «den trufaste Basileus og Autokrator av heile Austen, Iberia og Perateia»

Trapezunt-riket (gresk Βασίλειον τής Τραπεζούντας) var ein bysantinsk-gresk stat som vart danna i 1204 i kjølvatnet av at det bysantinske riket, Austromarriket, kollapsa same år då Konstantinopel vart erobra av det fjerde krosstoget. Dronning Tamar av Georgia gav soldatar til nevøen hennar Alexios I som erobra dei pontius-greske byane i Trapezunt, Sinope og Paflagonia. Trapezunt har vorte kalla det «siste greske riket».[1]

Grunnlegginga[endre | endre wikiteksten]

Då Konstantinopel fall for det fjerde krosstoget i 1204 for vesteuropeiske og venetianske krossfararar var Trapezunt-rikt éit av tre mindre greske statar som oppstod ut av samanbrotet til Austromarriket, saman med Keisarriket Nikea og Despotatet Epirus. Alexios, eit barnebarn av den bysantinske keisaren Andronikos I Komnenos, son av Rusudan, ei dotter av Giorgi III av Georgia, gjorde Trapezunt til hovudstaden sin og hevda eit krav på å vere den legitime etterfølgjaren av det bysantinske riket.

Herskarane av Trapezunt kalla seg sjølv for «Dei store Komnenos», Megas Komnenos, då dei tilhøyrde den prestisjefylte familien Komnenos, og i starten hevda den tradisjonelle bysantinske tittelen «keisar og autokrat av romarane». Etter å ha oppnådd ei semje med Det bysantinske riket i 1282 vart den offisielle tittelen endra til «keisar og autokrat av heile Austen, av iberianarane, og dei utvandra provinsane» og vart verande slik heilt til Trapezunt-riket enda i 1461. Staten er nokre gonger vorte kalla for det «Komnenianske riket» sidan den herskande familien var etterkomarar av Alexios I Komnenos.

Trapezunt-riket kontrollerte opphavleg eit samanhengande område på sørkysten av Svartehavet mellom Soterioupolis og Sinope, beståande av dei moderne tyrkiske provinsane Sinop, Ordu, Giresun, Trabzon, Bayburt, Gümüşhane, Rise og Artvin. På 1200-talet kontrollerte riket Perateia som omfatta Kherson og KertsjKrimhalvøya. David Komnenos utvida hurtig mot vest, okkuperte først Sinope, deretter Paflagonia og Heraklea Pontika inntil riket hans grensa til Keiserriket Nikea grunnlagt av Theodore I Laskaris. Områda vest for Sinope gjekk tapt til Keiserriket Nikea i 1206. Sinope sjølv vart erobra av seldsjukkane i 1214.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Trapezunt» frå Wikipedia på bokmål, den 23. august 2012.
  • Miller, William: Trebizond: The Last Greek Empire, 1926; Chicago: Argonaut Publishers, 1968
  • Uspensky, Fyodor: From the history of the Empire of Trabizond (Ocherki iz istorii Trapezuntskoy Imperii), Leningrad, 1929, 160 sider: en monografi på russisk
  • Bryer, Anthony: The Empire of Trebizond and the Pontos. London 1980: Variorum Reprints. ISBN 9780860780625.
  1. Millar, William: Trebizond, the Last Greek Empire