Treseglarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Treseglarar


Topptreseglar Hemiprocne coronata   Foto: Kousik Nandy
Topptreseglar Hemiprocne coronata
Foto: Kousik Nandy

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Apodiformes
Familie: Hemiprocnidae

Treseglarar er ein biologisk familie innan ordenen seglarfuglar som samlar ei slekt Hemiprocne av fire insektetande artar knytt til skogshabitat. Familien har nært slektskap med familien seglarar. Dei er distribuerte frå India og Søraust-Asia via Indonesia til Ny-Guinea og Salomonøyane.

Moustached Treeswift på reiret sitt. Biak, New Guinea.
Foto: Lip Kee Yap

Treseglarar er små til mellomstore seglarfuglar, og varierer i lengd frå 15 til 30 cm. Dei har lange venger, handsvingfjørene gjer ut det meste av lengda av vengene, armane er faktisk ganske korte. Dei skil seg tydeleg frå andre seglarfuglar i fjørdrakta, som er mjukare, og dei har toppar eller anna pryd i ansiktet, og lange gaffelforma halar[1]. Anatomiske ulikskapar frå seglarar finn ein i skjelettdetaljar i kranium og gane, i tarse, og ei ikkje-reversibel baktå som dei nyttar når dei kviler på greiner. Hannane har iriserande mantelfjør.

Treseglarar lever i mange ulike typar av skogshabitat. Ein art, dvergtreseglar, er ein art som føretrekk gammal skog. Ved beiting der manøvrerer dei ned nær undervegetasjonen. Berre sjeldan beitar dei i fornya skog eller i plantasjar, men aldri over opent lende. Andre artar har mindre spesialiserte habitatstypar, og topptreseglar gjer bruk av ei rekkje habitat, inkludert fuktige skogar og lauvfellande skog. Rustkinntreseglar utnyttar nesten alle tilgjengelege skogstypar frå mangroveskog til skog i fjellsider. Alle artane beitar på insekt, men nøyaktige detaljar om bytte er ikkje kjent. I motsetnad til seglarar, har treseglarar så godt utvikla bein at dei er i stand til å sitje på greiner i trea.

Paret byggjer reiret saman og dei festar det til ei grein med eit limliknande sekret. Hoa legg eitt egg.[1] Eggfarga varierer frå kvitt til grått. Ein har lite kunnskap om rugetida, men ho kan vere lengst for dei større artane. Ungane vert fødd med eit dekkje av grå dun og foreldra matar dei med pelletar av oppstøytt mat.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Collins, Charles T. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 136. ISBN 1-85391-186-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Treseglarar