Trowbridge
|
Trowbridge |
||
|---|---|---|
| Trowbridge rådhus sett frå Fore Street | ||
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Konstituerande land | ||
| Grevskap | Wiltshire | |
| Distrikt | Wiltshire | |
| Geografi | ||
| Innbyggjarar - By (2001) |
28 163 |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | BA14 | |
| Telefon-retningsnummer | 0 1225 | |
|
|
||
Trowbridge er ein by i grevskapet Wiltshire i England. Han er administrasjonsby både for grevskapet og for distriktet West Wiltshire.
Han ligg ved elva Biss vest i Wiltshire. Tidlegare var ullproduksjon viktigaste næringsvegen, men den siste fabrikken la ned i 1982.
Den tidlegaste skriftlege referansen til byen finnast i Domesday Book (1086). Ein kan ut frå namnet som er oppgjeve der sjå at namnet til byen kjem frå gammalengelsk treow-brycg, som tyder trebru eller bru ved eit tre.
Trowbridge slott vart reist på 1100-talet. Det er i dag ingen synlege spor etter sjølve slottet, men i byplanen kan ein sjå at ein av gatene i sentrum, Fore Street, følgjer ein kurve som tilsvarar vollgrava til slottet. Staden der slottet låg er no dekt av eit kjøpesenter. Utgravningar som vart gjort før senteret vart bygd viste at det fanst ein saksisk busetjing der, og ein fann spor etter ei kyrkje frå ca 850, med ein kyrkjegard ved sida av. Gravsteinar frå denne står no i St James's Church og Trowbridge museum.
I 1200 fekk Trowbridge charter som marknadsby. Han byrja då å vekse, og frå det 1300-talet var tøyproduksjon, og særleg ulltøy, den største industrien. Ein rettsprotokoll frå 1306 refererer til dette; ein mann frå byen vart det året hengt for å ha stole eit stykke tøy frå ei lokal mølle.
Etter borgarkrigen byrja ein å produsere medley, eit lett stoff laga av spansk ull som var farga før det vart spunne. Dette førde til store inntekter i dei neste 150 åra. Den industrielle revolusjonen førde òg til auka velstand, og byen voks kraftig i byrjinga av det 1800-talet. Fleire fabrikkeigarar fekk reist staselege heim i byen, og fleire av desse er verna.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Trowbridge (England)» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.