Athamaniká

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tzoumérka)
Athamaniká
Αθαμανικά
fjell
Land  Hellas
Område Ípiros og Tríkala
Fjellkjede Píndos
Høgd 2 469 moh.
Kart
Athamaniká
39°29′00″N 21°12′00″E / 39.483333333333°N 21.2°E / 39.483333333333; 21.2
Wikimedia Commons: Tzoumerka

Athamaniká (gresk Αθαμανικά) eller Tzoumérka (gresk Τζουμέρκα) er eit fjell nordaust i periferieininga Árta, søraust i periferieininga Ioánnina og sørvest i periferieininga Tríkala i Hellas. Fjellet ein del av fjellkjeda Píndos og har ei høgd på 2 469 moh.

Fjellet har ei lengd på om lag 40 km frå nord til sør og er 15-20 km breitt. Elva Árakhthos renn i vest.

Skogar dominerer dei lågareliggande områda og inneheld furu og gran, medan grassletter og buskar, i tillegg til berre område, dominerer i høgareliggande område. Området rundt fjellet inneheld landsbyar, skogsvegar, turstiar og eit skisenter.

Frå toppen kan ein sjå nærliggande fjell i aust, dei sentrale og austlege delane av Ípiros og den vestlege delen av Thessalía. På klåre dagar kan ein òg sjå Den thessaliske sletta og lenger aust i Thessalía.

Næraste stader[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]