Ufa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ufa
Уфа
Bilete av Ufa av Sergej Prokudin-Gorskij mellom 1905 og 1915.
Bilete av Ufa av Sergej Prokudin-Gorskij mellom 1905 og 1915.
Flagget til Ufa Byvåpenet til Ufa
Flagget til Ufa Byvåpenet til Ufa


Plassering
Ufa is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Basjkortostan
Grunnlagd 1574
Borgarmeister Pavel Katsjkajev
Geografi
Flatevidd
 - By

754 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

1 036 000
  1 374 /km²
Koordinatar 54°44′″N 55°58′″EKoordinatar: 54°44′″N 55°58′″E
Høgd over havet 150 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 450xxx
Retningsnummer (tlf) (+7)347
Bilnummer 02, 102
Nettstad: www.ufacity.info

Ufa (russisk Уфа́; basjkirsk Өфө, Öfö; tatarsk Уфа, Ufa; tsjuvasjkisk Ӗпхӳ, Ephü) er hovudstaden i republikken Basjkortostan og den ellevte største byen i Russland med like over 1 million innbyggjarar.

Ufa er eit av industrisentra i dei vestlege Uralfjella og ligg der elvane Belaja og Ufa renn saman. Av industriar i byen finst produksjon av elektrisk utstyr og gruveutstyr, oljeraffineri, petrokjemikalar, syntetisk gummi og prosessert mat. Ufa lufthamn har samband til fleire byar i Russland, samt til Armenia, Aserbajdsjan, Tyskland, Tyrkia og Usbekistan. Det ligg òg ein mindre flyplass, Ufa Maksimovka lufthamn, nordaust for byen.

Av utdanningsinstitusjonar finn ein mellom anna Basjkir statsuniversitet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen voks opp rundt ei festning bygd etter ordre frå Ivan IV i 1574 og hadde opphavleg namn etter åsen festninga stod på, Tura-Tau. Byen vart etter kvart kalla Ufa, som tyder «liten» på tyrkisk, av dei lokale innbyggjarane og namnet vart verande. I 1802 vart Ufa hovudstaden i Basjkira.

I 1918 var Ufa residens for den provisoriske allrussiske regjeringa.

Av kjende innbyggjarar frå Ufa finn ein mellom anna dansaren Rudolf Nurejev, ishockeyspelarane Andrej Ziuzin Alexander Semak og Igor Kravtsjuk, og rockesongarane Zemfira og og Juri Sjevtsjuk, som er frontmann i DDT.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ufa