Ukulele
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ukulele er eit strengeinstrument med fire strengar, stemt i dei same intervalla som dei fire lysaste strengen på ein vanleg gitar, berre den mørkaste ein oktav lysare. Vanleg stemming for ein ukulele er G-C-E-A. Instrumentet stammar frå Hawaii, der det vart utvikla på 1880-talet, med påverknad frå instrument frå Brasil og Portugal. Ukulelen ser ut som ein gitar, og det som i hovudsak skil det frå ein gitar er storleiken og talet strengar.