Ulan-Ude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulan-Ude
Ула́н-Удэ́
Leninhovudet i Ulan Ude
Leninhovudet i Ulan Ude
Byvåpenet til Ulan-Ude
Byvåpenet til Ulan-Ude


Plassering
Ulan-Ude is located in Russland
Ulan-Ude is located in Burjatia
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Burjatia
Grunnlagd
Bystatus
1666
1775
Borgarmeister Gennadi Aidajev
Geografi
Flatevidd
 - By

377 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

343 000
  909,8 /km²
Koordinatar 51°50′″N 107°37′″EKoordinatar: 51°50′″N 107°37′″E
Høgd over havet 530 moh
Tidssone
- Ved sommartid
IRKT (UTC+8)
IRKST (UTC+9)
Diverse annan informasjon
Postnummer 670000–670051
Retningsnummer (tlf) (+7)3012
Bilnummer 03
Nettstad: www.ulan-ude-eg.ru/


Ulan-Ude (russisk Ула́н-Удэ́, burjatisk Улаан-Үдэ – Ulaan-Üde) er hovudstaden i Republikken Burjatia i Russland. Han ligg rundt 4500 km aust for Moskva og 100 km søraust for Bajkalsjøen. I 2007 hadde byen om lag 340 000 innbyggjarar.

Han ligg ved foten av fjellkjedene Khamar-Daban og Ulan-Burgasy-fjella, like ved staden der elva Selenga renn saman med sideelva Uda som deler byen i to.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Odigitrievskij-katedralen i Ulan-Ude

Busetnaden Udinskoje (russisk Удинское) vart grunnlagd i 1666 som ein overvintringsstasjon av kosakkar. I 1775 fekk han byrettar under namnet Udinsk, som vart endra til Verkhneudinsk (russisk Верхнеу́динск) i 1783. På grunn av den geografiske plasseringa voks byen raskt og vart eit viktig handelssenter som knytte Russland til Kina og Mongolia. Etter ein stor brann i 1878 vart byen gjenoppbygd heilt frå grunnen av. 27. juli 1934 fekk byen det noverande noverande namn Ulan-Ude (burjatisk for Raude Uda).

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Byen er det kulturelle og økonomiske senter i Transbajkal-området.

I Ulan-Ude ligg Den statlege flyfabrikk Nr. 99 , som mellom anna produserer flytypane Mil Mi-14,Mil Mi-8 og Su-25.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Ulan-Ude er eit knutepunkt mellom den transsibirske og den transmongolske jernbanen.

Ulan-Ude lufthann (Mukhino) ligg 10 km vest for bysentrum, medan den mindre Ulan-Ude Vostotsjnyj lufthamn ligg 12 km mot aust.

Innanfor byen består kollektivtrafikken av trikkar, bussar og marsjrutka (rutetaxi).

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Eit trehus i Ulan-Ude

Ikkje langt frå Ulan-Ude, nær landsbyen Ivolginsk, ligg eit buddhistisk kloster (Dazan). Byen har òg eit etnografisk museum, som viser det historiske tilværet av dei forskjellige folkegruppene i regionen: evenkar, urinnvånarane i området, burjatar, eit mongolsk folk som tradisjonelt bekjenner seg til Vajrayana-buddhismen, Semejskije, eit trusamfunn av såkalla gammaltruande og russarar.

Byen er òg kjent for det monumentale minnesmerket over Vladimir Lenin på det sentrale torget i byen, det største Leninhovudet i verda.

Langs elvebreiddene i det historiske sentrumet i byen ligg gamle herskapshus til handelsmenn, rikt dekorert med utskjeringar i tre og stein. Dei representerer utsøkte døme på russisk klassisisme.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Byen har mange institusjonar for høgare utdanning, mellom anna Burjatia statlege jordbruksakademi, Burjatia statlege universitet, Austsibirske statlege akademi for kultur og kunst og Austsibirske statlege teknologiske universitet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ulan-Ude
Panorama over Ulan-Ude