Johan Henrik Nebelong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
OscarshallBygdøy i Oslo.
Foto: Hans A. Rosbach
«Malthegården» eller «Maltheby»
Foto: Helge Høifødt
Wergelandsveien 25 i Oslo
Foto: Mahlum
«Heibergløkken»
Foto: Mahlum
«Stenpakkhuset» i Toldbodgata 1 i Oslo
Foto: Mahlum

Johan Henrik Nebelong (20. juli 18171. mars 1871), fødd og død i København, var ein dansk arkitekt. I Noreg er han særleg kjent som arkitekten bak OscarshallBygdøy, men har også stått for dei naturhistoriske samlingane ved Bergen Museum, hovudbygninga på Bærums Verk og den mellomalderinspirerte kommandantbustaden på Akershus festning.[1]

Nebelong var son av ein skomakar og yngre bror av arkitekt Niels Sigfred Nebelong. Han studerte ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i København i 1833-1839 under professor G.F. Hetsch.[1]

Nebelong kom til Noreg i 1840 for å assistere Hans Ditlev Franciscus von Linstow i arbeidet med Slottet. Han verka på same tid som lærar ved Den kongelege Teikne- og Kunstskole i Christiania fram til 1853.

Saman med mellom andre I. C. Dahl var han med på å stifte Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkers Bevaring i 1844 og sat i styret fram til 1853.

I 1847 fekk han i oppdrag å teikne Oscarshall etter ynskje frå kong Oscar I og dronning Joséphine.[2] Han har teikna sjølve bygningen, interiør og det meste av møbla. Han stod og for parken og bygningane der.[2]

I 1853 returnerte Nebelong til Danmark. I åra 1853-1855 arbeide han ved Kunstakademiets Arkitektskole. Han var medlem av Charlottenborgs Utstillingskommisjon 1858-1866 og bygningsinspektør for Københavns 1. Distrikt 1856-1858. Han blei utnemnd til titulær professor i 1860 og medlem av Akademiet frå 1855.[1]

Nebelong fortsette og som arkitekt i Danmark og teikna ei rekke offentlege og private bygningar. I tillegg arbeide han med møblar og interiør.[3]

Verk i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Verk i Danmark[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Johan Henrik NebelongKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  2. 2,0 2,1 Bygginga av Oscarshall frå Kongehuset.no
  3. Johan Henrik Nebelong (1806-71) frå Artemisia