Up from the Skies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Up from the Skies
Singel av The Jimi Hendrix Experience
frå albumet Axis: Bold as Love
B-side «One Rainy Wish»
Utgjeve 26. februar 1968
Innspelt 29. oktober 1967 i Olympic Sound Studios i London
Sjanger Jazzrock
Lengd 2:55
Selskap Reprise, Barclay
Låtskrivar(ar) Jimi Hendrix
Produsent Chas Chandler
The Jimi Hendrix Experience-kronologi
«Foxy Lady»
(1967)
Up from the Skies «All Along the Watchtower»
(1968)

«Up from the Skies» er ein song av Jimi Hendrix, spelt inn av The Jimi Hendrix Experience for albumet Axis: Bold as Love frå 1967. Songen omhandlar utanomjordisk liv som kjem til jorda og er uroa over øydelegginga menneska som lever der har gjort. Han vart gjeven ut som den einaste singelen frå Axis: Bold as Love, berre i USA og Frankrike, og nådde 82. plass i USA.[1]

Bakgrunn og stil[endre | endre wikiteksten]

«Up from the Skies» vart spelt inn 29. oktober 1967, den siste innspelingsdagen for albumet, i Olympic Sound Studios i London.[1] Matthew Greenwald frå allmusic har skildra songen som «Musikalsk ein frisk, jazz-basert song, og ganske annleis noko på debutalbumet[2]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Trass i at singelen var langt mindre kommersiell enn dei førre singlane, vart «Up from the Skies» generelt godt motteken. Rolling Stone-kritikar Parke Puterbaugh meinte at songen var ein effektiv opningssong.[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Up from the Skies» er spelt inn av mange andre artistar, hovudsakleg på hyllestalbum.[4] Av artistar som har spela songen finn ein Sting, Ellen McIlwaine, Joan Jett and The Blackhearts, Rickie Lee Jones og The Hamsters.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Shapiro, Harry; Caesar Glebbeek (1995-08-15). «Appendix 1: Music, Sweet Music: The Discography». Jimi Hendrix: Elektrisk Gypsy. New York: St. Martin's Griffin. ss. 222, 223, 529. ISBN 0-312-13062-7. 
  2. Greenwald, Matthew. «Up From The Skies». allmusic. http://www.allmusic.com/song/t3026003. Henta 16. mars 2011. 
  3. Puterbaugh, Parke (May 20, 2003). «Jimi Hendrix: Axis: Bold As Love». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/artists/jimihendrix/albums/album/189916/review/5943211/axis_bold_as_love. Henta 16. mars 2011. 
  4. 4,0 4,1 «Song: Up From The Skies - The Jimi Hendrix Experience». Second Hand Songs. http://www.secondhandsongs.com/song/2817. Henta 16. mars 2011.