Vårpengeurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vårpengeurt


Vårpengeurt
Vårpengeurt

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Slekt: Noccaea

Moench.

Art: N. caerulescens
Vitskapleg namn
Noccaea caerulescens
(J. & C. Presl.) F.K. Mey.

Vårpengeurt (Noccaea caerulescens eller Thlaspi caerulescens (J. & C. Presl) eller Thlaspi alpestre ) er ein to- eller fleirårig plante i krossblomfamilien.

Planten vert 10-30 cm høg, og har snau stengel med bladrosett som ofte overvintrar. Kronblada er kvite eller lysfiolette. Blada er blågrøne og sluttar seg om stengelen, og som visnar nedanfrå etterkvart som planten veks. Frøa mognast i 5 - 10-mm breie hjarteforma skulper, kvar med mange frø.

Vårpengeurten vart innført til Botanisk Hage Noreg, og derfrå har han spreid seg sidan 1874. No er han fullt naturalisert i tørr eng, på berg og i open tørr skog opp mot fjellet. Ved Finse er han funnen opp til 1225 m. I sør framstår han som ein karakteristisk vårplante. Han er vanleg nord til indre Helgeland, men han er òg funnen lenger nord, til og med som tilfeldig ugras på Svalbard.

Opphavleg høyrer vårpengeurten heime i fjellstroka i Sør- og Mellom-Europa. .

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]