VM i fotball 1962

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Verdsmeisterskapen i fotball 1962 vart avvikla i Chile i tida 30. mai til 17. juni 1962. Kampane fann stad på fire ulike arenaer i fire ulike byar; Arica, Rancagua, Santiago og Viña del Mar. Brasil vart verdsmeister etter å ha slått Tsjekkoslovakia 3-1 i finalen. Seks spelarar skåra fire mål i turneringa og vart toppskårar, mellom dei verdsmeistrane Garrincha og Vavá.

Turneringsformatet var det same som i 1958. Dei 16 deltakarlanda vart delt på fire innleiingsgrupper, og dei to beste laga i gruppene gjekk vidare til kvartfinalane. Brasil, Sovjetunionen, Ungarn og Vest-Tyskland vart gruppevinnarar og fekk fylgje av Chile, England, Jugoslavia og Tsjekkoslovakia.

Brasiliansk frimerke til minne om VM-sigeren 1962

I kvartfinalane vann Chile over Sovjetunionen, Brasil over England, Tsjekkoslovakia over Ungarn, samt Jugoslavaia over Vest-Tyskland. Semifinalane vart spela dagen etter kvartfinalane og enda med tomålsigrar til Brasil og Tsjekkoslovakia over høvesvis Chile og Jugoslovia. Vertsnasjonen Chile vann så bronsemadaljane etter 1-0 mot Jugoslavia.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen var spelt på Estadio Nacional i Santiago. Tsjekkoslovakia tok leiinga ved Josef Masopust etter 15 minuttar, men allereie to minuttar seinare utlikna Amarildo Tavares for Brasil. Midtvegs i andre omgang gav Zito Brasil leiinga og ni minuttar etter sikra Vavá sigeren med Brasils tredje mål i kampen. Det var andre gongen eit land lukkast forsvare VM-tittelen.

Brasil sitt vinnarlag bestod av: Gylmar dos Santos Neves, Djalma Santos, Mauro Ramos, Zózimo Alves, Nílton Santos, Zito, Didi, Garrincha, Vavá, Amarildo Tavares og Mario Zagallo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]