Valderhaugfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ålesund med Valderhaugfjorden til høgre og lenger ute på bilete

Valderhaugfjorden er ein fjord langs kommunegrensa mellom Ålesund og GiskeSunnmøre.

Fjorden ligg mellom øyane Godøya i vest, Havsteinen og Valderøya i nord, og Heissa, Aspøya og vestre delen av Nørvøya i sør og grensar til sjølve byen Ålesund. Fjorden strekkjer seg om lag 6 km frå sørvest til nordaust og er om lag 2 km brei. Fjorden har namn etter garden Valderhaug på Valderøya. Den største djupna i fjorden er 104 m.

I sørvest går Breidsundet vestover på sørsida av Godøya, Heissafjorden går austover på sørsida av Heissa, medan Sulafjorden, ein del av Storfjorden, går sørover. Mellom øya Giske og Godøya ligg Giskesundet som vert kryssa av Godøytunnelen. Mellom Giske og Valderøya ligg Staurnessundet som vert kryssa av riksveg 658 via to bruer. Mellom Valderøya og Ellingsøya kryssar Valderøytunnelen fjorden, medan Ellingsøytunnelen går frå Nørvøya til Ellingsøya.

Valderhaugfjorden held fram austover som Ellingsøyfjorden på sørsida av Ellingsøya, medan Grytafjorden strekkjer seg austover på nordsida.